Meir om tenesta
Arrangement for kulturskulen våren 2022 finn du her. (JPG, 509 kB)
Vik kulturskule vart etablert i 1980. Kulturskulen har 5 tilsette i tilllegg til kulturskulerektor. Kulturskulen har og ansvaret for UKM, DKS (lokalt) "Den kulturelle skulesekken" og er en del av DKSS "Den kulturelle spaserstokken"
I skuleåret 2021/2022 kan me tilby fylgjande fag:
- dans
- visuell kunst
- musikk
- musikkterapi
Ein tek sikte på å drive mest mogleg desentralisert undervisning, men frå 2022 er kontora til kulturskulen lagd til skulebygget på Vangsnes. Kulturskulen fylgjer same undervisningsår som grunnskulen. Kulturskulen arrangerar jevnleg elevkonsertar og utstillingar.
Brosjyre for Vik kulturskule finn du her. (PDF, 808 kB)
Musikk - Individuell undervisning:
Opplæring i grunnleggjande note-/ og rytmelesing og grunnleggjande speleferdigheiter. Eleven skal kunne spele kjende melodiar, barnesongar og små musikkstykker etter eit par år med individuell musikkopplæring.
Dans - Undervisning i grupper:
Kulturskulen gir opplæring i ulike danseformer. Å kunne uttrykkje seg med rørsle, å oppleve, utøve og skape dans vil kunne gi eit positivt bidrag til elven si fysiske, emosjonelle, sosiale og intelektuelle utvikling.
Visuell kunst - Undervisning i grupper:
Visuell kunst omfattar maleri, fotografi, kunsthandverk, teikning, grafikk og skulptur animasjon. Eleven får dyrke si kreative skaparglede. Opplæring i grunnleggjande teknikkar og uttrykksmåtar.
Musikkterapi - undervisning både i grupper og individuelt:
Faget fokuserar på relasjonar mellom musikk og helse. Musikkterapi er knytt til ulike praksisfelt til dømes i barnehage, skule, kulturskule og eldreomsorg. Musikkterapi er tilpassa musikkopplæring der eleven sjølv er ein aktiv pådrivar saman med hjelp av terapeuten.
Kven kan få tenesta?
Alle som vil kan få denne tenesta.
Korleis kan du søkje på tenesta?
Innmelding/utmelding kulturskule
Søknadsfrist
Frist for innmelding er 1. august. Kulturskulen har elles rullerande opptak, så lenge vi har plass tek vi inn nye elevar midt i skuleåret.
Fristane for utmelding er 6. juni og 1. desember.
Kva kostar det?
Dersom ein har fleire born som deltek på individuell opplæring, vert det gitt 50 % syskenrabatt på sysken nr. 2. Eldste barn vert rekna som barn nr. 1.
Ein får ikkje syskenrabatt ved opplæring i grupper.
Det vert gjeve 50 % rabatt i elevavgifts-sats på tilbod 2 som eleven er med på. Ein betalar full pris for tilbod 1. Individuell instrument / vokal opplæring vert alltid rekna som tilbod 1.
NB! Pris er pr. halvår og satsane er fritekne for meirverdiavgift.
Kontaktinformasjon
Har du spørsmål kan du ta kontakt rektor Dora David på telefon 97523903 eller e-post dora.david@vik.kommune.no
Aktuelle lenker og dokument