Spelemidlar

Søk stønad til bygging og rehabilitering av idrettsanlegg.

Spelemidlar er overskotet frå dei ulike spela Norsk  Tipping er ansvarleg for, til dømes Lotto, Flax, Joker og Keno. Nesten halvparten av overskotet går til idrettsføremål, det meste til bygging og rehabilitering av idrettsanlegg i kommunane.

Du kan søkje om spelemidlar til:

  • ordinære anlegg (organisert idrett og fysisk aktivitet). Nedre grense for kostnad er kr 150 000
  • nærmiljøanlegg (eigenorganisert idrett og fysisk aktivitet). Nedre grense for kostnad er kr 50 000
  • rehabilitering av eldre anlegg

Som hovudregel kan ein få tilskot på inntil 1/3  av godkjent kostnad til bygging/rehabilitering av ordinære anlegg. Til nærmiljøanlegg kan ein få tilskot på inntil 50 % av godkjent kostnad.

Kven kan få tenesta?

For å kunne få spelemidlar er det eit krav at ein har eit organisasjonsnummer. Søkjarar kan vera:

  • idrettslag/organisasjonsledd i Norges Idrettsforbund
  • samanslutningar under Norges Jeger og Fiskeforbund, Den norske Turistforening, Norges Bilsportforbund eller Det frivillige Skyttervesen.

NB! Aksjeselskap, stiftingar og samvirkeforetak må søkje kulturdepartementet om førehandsgodkjenning av vedtektene sine for å kunne søkje om spelemidlar.

Desse samanslutningane kan søkje om tilskot til særlege anlegg:

  • organisert under Friluftsrådenes Landsforbund og Norsk Friluftsliv kan søkje om tilskot til friluftsanlegg 
  • organisert under Norsk Kennel klubb kan søkje om tilskot til anlegg for hundesport

Korleis kan du søkje på tenesta?

  1. Ta kontakt med Rådgivar oppvekst i Vik kommune på telefon 57 69 82 00, for å få eit anleggsnummer.
  2. Send inn søknad via idrettsanlegg.no 

Den kommunale søknadsfristen er 15. oktober.

Til toppen