Tilskot til mangfold- og inkluderingstiltak i idrett og fysisk aktivitet

Lotteri- og stiftelsestilsynet forvaltar ei ny tilskotsordning som skal leggje til rette for auka deltaking i  idrett og fysisk aktivitet for alle barn og unge. 

Det blir gitt tilskot til prosjekt eller eingongsutgifter. Lotteri og stiftelsestilsynet har opna for søknadar, og søknadsfristen er 13.6.22, klokka 13.00.

Det er frivillige lag og organisasjonar og kommunale fritidsklubbar eller ungdomshus som kan søkje tilskot. Idrett og fysisk aktivitet kan være både organisert idrett, eigenorganisert idrett og fysisk aktivitet, som til dømes friluftsliv.

Tiltaka skal rette seg mot målgruppene for ordninga:

  • Barn og ungdom frå 6-19 år i familiar med vedvarande låg inntekt.
  • Jenter med minoritetsbakgrunn frå 6 til 19 år, og jenter frå 6 til 19 år generelt i samanhengar der jenter er underrepresentert eller opplever særskilte barrierar.
  • Personar med funksjonsnedsetting. Denne målgruppa er ikkje aldersavgrensa.
  • Nåverande og framtidige unge leiarar og trenarar, opp til 26 år, som er jenter/kvinner, personar med funksjonsnedsetting eller personar med minoritetsbakgrunn.

Les meir om regelverket for ordninga og send søknad på Lotteri- og stiftelsestilsynet sine nettsider.

Til toppen