Autorisasjonsbevis for plantevern og gnagarmiddel

Dersom du har trong for å bruke plantevernmiddel - og/eller gnagarmiddel må du ha gjennomgått kurs med bestått eksamen. Det er eit kurs for kvar ordning med eksamen. 

Ordninga er ei ansvarsdeling mellom kommunen, Statsforvaltaren og eksterne kurshaldarar som Norsk Landbruksrådgjeving (NLR-Vest) og VGS Naturbruk. 

VGS naturbruk for plantevernvernmiddel:

  • Stend vidaregåande skule
  • Voss vidaregåande skule
  • Mo og Øyrane vidaregåande skule

VGS naturbruk for gnagarmiddel:

  • Mo og Øyrane vidaregåande skule

Kva for skular som tilbyr kurs er avhengig av om lærarane er godkjende instruktørar.

Når du har greidd eksamen og har fått autorisasjon, vert namnet ditt registrert i ein nasjonal base og du kan få utskrive bevis frå Mattilsynet. Det er kommunen si godkjenning i dette registeret som gir Mattilsynet vidare melding om at bevis skal utskrivast, og sendast til deg som har rett på slik autorisasjon.

Informasjon om kurs finn du på denne lenkja.

Informasjon om ordninga med regelverk finn du i denne lenkja hjå Statsforvaltaren.