Produksjonstilskot i jordbruket

Føretak som driv vanleg jordbruksproduksjon kan søke om produksjonstilskot, t.d. arealtilskot, kulturlandskapstilskot, tilskot til husdyr osv. Føremålet er å bidra til eit aktivt og bærekraftig jordbruk.

Meir om tenesta

Produksjonstilskot omfattar tilskotsordningane

  • Arealtilskot
  • Kulturlandskapstilskot
  • Tilskot for husdyr
  • Tilskot for dyr på beite
  • Tilskot for dyr på utmarksbeite
  • Driftstilskot til mjølkeproduksjon
  • Driftstilskot til spesialisert storfekjøtproduksjon
  • Tilskot til små og mellomstore mjølkebruk
  • Tilskot for bevaringsverdige husdyrrasar
  • Arealtilskot til økologisk landbruk
  • Tilskot til økologisk husdyrproduksjon
  • Tilskot til avløysing ved ferie og fritid
  • Distriktstilskot for frukt, bær og veksthusgrønsaker og salat på friland

Kven kan få tenesta?

Du som driv eit jordbruksføretak med husdyr- og/eller planteproduksjon. Føretaket ditt må oppfylle visse vilkår for å ha rett på tilskot.

Kriterium/vilkår

Landbruksføretaket driv vanleg jordbruksproduksjon, er registrert i Einingsregisteret, er registrert som meirverdiavgiftspliktig og kan levere årsoppgåve som landbruksføretak.

Føretak som berre søkjer tilskot til birøkt, er unnateke frå kravet om å drive vanleg jordbruksproduksjon. Det er elles avgrensingar knytt til driftsfellesskap og eigarforhold.

Her søkjer du

Søknad om produksjonstilskot i jordbruket - altinn

Korleis og kor tid kan eg søkje om produksjonstilskot?

Søknadsfrist

Søknad om produksjonstilskot i jordbruket har to søknadsfristar: 15. mars og 15. oktober.

Sakshandsaming

Kommunen skal innhente dei opplysningane som er nødvendige for å avgjere saka. Deretter blir det gjort eit vedtak. Til vanleg får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving dersom ein trur at du blir misnøgd med vedtaket. Dersom grunngjevinga ikkje følgjer med, kan du få ho ved å vende deg til kommunen før klagefristen for vedtaket går ut.

Korleis kan du klage på vedtaket?

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Dette gjeld sjølv om du har fått melding om vedtaket frå Landbruksdirektoratet. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lèt vedtaket stå, blir saka send vidare til Statsforvaltaren, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.
 

Nyttig lenkje

Landbruksdirektoratet, informasjon om produksjonstilskot og avløysartilskot 


Heimlar:

Forvaltningsloven
Jordlova

Forskrift om produksjonstilskudd i jordbruket

Administrasjonen
Informasjon Kontaktopplysningar
Telefon 57 69 82 00
Gateadresse Fjordavegen 1, 6893 Vik i Sogn
Postadresse Postboks 134, 6891 Vik i Sogn
Opningstider Måndag - fredag: 10:00 - 14:00.
Organisasjonsnummer 937498764
EHF faktura 0192:937498764
E-post postmottak@vik.kommune.no
eDialog Sikker elektronisk post til kommunen