Motorferdsel i utmark

Skal du bruke motorkøyretøy, snøskutere eller luftfartøy i utmark til føremål som ikkje er offentleg kjende nytteføremål, må du søkje kommunen om løyve. 

Vannskuter og andre motorfartøy

Vannskuterar er i utgangspunktet tillate i innsjøar større enn 2 kvadratkilometer, på elvestrekningar og på innsjøar mindre enn 2 kvadratkilometer dersom desse går inn som ein del av eit farbart vassdrag. Men kommunen kan avgrense bruken.

Båt med elektrisk motor

Har du båt med el-motor kan du søkje kommunen om å køyre den på små vatn mindre enn 2 kvadratkilometer.

Vilkår for å få tenesta

Når kommunen vurderer opning for ferdsel, anten gjennom forskrift eller vedtak, er det omsynet til naturen, verneområde, hekkeområde, terrenginngrep, støy og ulempe for friluftsliv som skal liggje til grunn for vedtaket.

Sjå blant anna naturmangfoldlova § 7 og småbåtlova §§ 38, 39 og 40.

Kommunen (eller statsforvaltaren) gjev informasjon om kva som er tillate etter lov og forskrift, og kva ein må søkje om løyve til. Behovet må vere dokumentert og innehalde alle dei opplysningane som kommunen treng for å kunne ta stilling til søknaden.

Søknadskjema

Motorferdsel i utmark - søknad

Vedlegg

  •     Kart som viser køyrerute
  •     Kort omtale med omtale av føremålet med køyringa
  •     Sakshandsamar kan ivektleggje legeattest i samband med transport av rørslehemma.

Søknadsfrist

Søknaden må sendast i god tid, då nokre søknadar skal hansamast politisk.
Sakshandsamingtida kan i enkelte tilfeller vere 3-4 veker.

Leigekøyringsløyver snøskuter

3 årige løyver t.o.m. desember 2024 - Enkelte datointervall med forbud.

  •     Magnar Nåsen (I området Fresvik-Jordalen og Vikafjellet aust for Vikafjellsvegen)
  •     Kurth Martin Helleland: (Åfedt/Åfedtdalen, Feios)
  •     Omar Vangsnes: (Kallbakk, Kongsli, Vangsnes, samt Berdalskluken og Håakluken, Feios)
  •     John Ronny Hove: (Vest for rv 13 Skjelingen, Yngisdal, Hestavoll og Målsete. Eggjavegen til
        Unnardal og Bøeggji)          

Loggskjema for køyring finn du her (PDF, 448 kB)

Korleis kan du klage på vedtaket

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du mottok det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lar vedtaket stå, blir saka sendt vidare til statsforvaltaren, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.

Heimlar

Friluftsloven
Motorferdselloven
Naturmangfoldloven
Småbåtloven

Forskrifter

Forskrift for motorkjøretøyer i utmark
Forskrift om forbud mot helikopterskiing m.m.

Retningslinjer

Lokale retningsliner for motorferdsel i utmark og vassdrag (PDF, 847 kB)

Administrasjonen
Informasjon Kontaktopplysningar
Telefon 57 69 82 00
Gateadresse Fjordavegen 1, 6893 Vik i Sogn
Postadresse Postboks 134, 6891 Vik i Sogn
Opningstider Måndag - fredag: 10:00 - 14:00. Stengt i fellesferien og romjula.
Organisasjonsnummer 937498764
EHF faktura 0192:937498764
E-post postmottak@vik.kommune.no
eDialog Sikker elektronisk post til kommunen