Kvifor bli sertifisert?
Gjennom ei Miljøfyrtårn-sertifisering får verksemder konkrete verktøy for å gjennomføre effektive og lønsame miljøforbetringar innan arbeidsmiljø, avfallshandtering, energibruk, innkjøp og transport. Også aktuelle tema som matsvinn og plast er inkluderte. Tall frå Miljøfyrtårnet si kundeundersøking i 2021 blant private verksemder visar at det lønnar seg å ta berekraft inn i forretningsstrategi og dagleg drift:
76 % av Miljøfyrtårn-sertifiserte verksemder opplev i stor grad miljøforbetringar.
68 % av Miljøfyrtårn-sertifiserte verksemder opplev i stor grad betre omdømme.
54 % av Miljøfyrtårn-sertifiserte verksemder opplev i stor grad reduserte kostnader.
60 % av Miljøfyrtårn-sertifiserte virksomheter opplever i stor grad styrket konkurransekraft
64 % av Miljøfyrtårn-sertifiserte virksomheter opplever i stor grad å bidra til grønn omstilling
55 % av Miljøfyrtårn-sertifiserte virksomheter opplever i stor grad å ha påvirket leverandører og partnere til å redusere sin miljø- og klimabelastning
Kom i gang med Miljøfyrtårn-sertifisering
På Miljøfyrtårn sine nettsider finn du ut korleis du går fram for å oppnå sertifisering etter Miljøfyrtårnprogrammet
Få hjelp av ein konsulent
Konsulenten si rolle i Miljøfyrtårn er å rettleie ei verksemd frå oppstart til sertifisering. Konsulenten hjelpar med å etablere naudsynte rutinar og prosedyrar for at verksemda skal oppfylle sertifiseringskriteriane.
På Miljøfyrtårn sine nettsider kan du søkje på godkjente konsulentar i ditt område, ved å velje «fylke» og «kommune»
Sertifiserte verksemder skal levere årleg rapport
Alle sertifiserte verksemder skal levere rapport til Stiftinga Miljøfyrtårn innan 1. april. Stiftinga Miljøfyrtårn arrangerer kurs og webinarar i samband med dette.
Det er per 27.07.23 tolv verksemder i Vik som er sertifiserte som Miljøfyrtårn:
- Amazing Fjords AS
- Arkitektfirma Jon Vikøren AS
- Barn – Nett AS
- Blix Hotell og Blix Eigedom AS
- Bystøl AS avd. Vik
- Fosse Maskin og Transport AS
- Fresvik Produkt AS
- Highsoft AS
- Linn Bad AS
- Vinmonopolet Vik
- Wattn AS avd. Vik
- Økonomi Sogn AS
Resertifisering kvart tredje år
Verksemder har sjølv ansvar for å sørge for resertifisering innan tre år frå førre sertifisering.
Utdeling av miljødiplom og kommunen si rolle
Kommunen har koordineringsansvaret for Miljøfyrtårnsertifisering i Vik og står for den praktiske oppfølginga av ordninga, med koordinering og utdeling av nye miljødiplom. Det er ordføraren som delar ut diplom.
Kommunen har ein miljøfyrtårnkoordinator, knytt til avdeling for plan og forvaltning. Kontakt er Harald Nyland. E-post: harald.nyland@vik.kommune.no