VassforvaltningLytt til tekstenStopp avspillingVassforvaltninga i Noreg skal sørgje for vern og sikker bruk av vatnet vårt. Meir om tenesta Vatnet blir utsett for påverknader frå nedbør i fjellet som renn nedover bratte lier, i elvar, bekkar og innsjøar og til slutt ut i fjordane våre. På vegen passerer vatnet gjennom urørte landskap, men og i område der det bur og arbeider mange menneske, noko som gjev mange påverknader. Heile landet er delt inn i vassregionar. Vik kommune høyrer til Vestland vassregion, som igjen er delt inn i vassområde. Vik kommune er del av Ytre Sogn vassområde. Etter vassforskrifta skal kvar av vassregionane i Noreg ha ein vassforvaltningsplan med miljømål for alt vatn i elvar, innsjøar, kystvatn og grunnvatn. Planen skal også ha eit tiltaksprogram med framlegg til tiltak for å betre miljøtilstanden i vatnet, og verne mot dårleg tilstand. Kontaktinformasjon Administrasjonen Informasjon Kontaktopplysningar Telefon 57 69 82 00 Gateadresse Fjordavegen 1, 6893 Vik i Sogn Postadresse Postboks 134, 6891 Vik i Sogn Opningstider Måndag - fredag: 08:00 - 15:00 (telefontid 10:00-14:00). Sommarstengt i fellesferien. Organisasjonsnummer 937498764 EHF faktura 0192:937498764 E-post postmottak@vik.kommune.no eDialog Sikker elektronisk post til kommunen Aktuelle lenker og dokumentasjon Vestland vassregion i Vannportalen. - her finn du også forvaltningsplanen Ytre Sogn vassområde i Vannportalen Meir om Vestland vassregion Publisert 14.03.2022 12:29 Sist endra 26.10.2023 09:56