Sogn Næring

Vik kommune har frå januar 2021 hatt avtale med Sogndal kommune (Sogn Næring står for gjennomføring) om næringssamarbeid. Næringsutviklingsarbeidet skal ta utgangspunkt i Vik kommune sin næringsplan, innspel frå administrativ og politisk leiing og næringslivet i Vik kommune. 

Kraftfondet skal brukast til finansiering av tiltak som fremjar næringslivet og tryggar busetjing i Vik kommune.  Bruken av fondet skal spegle mål og strategier som er viktige i kommunen sin næringspolitikk. Frå fondet kan det bli gitt både lån og tilskot. Ein kan søkje på vegne av ein organisasjon eller som privatperson. Les meir om ordninga, og søk om støtte på regionalforvaltning.no.

Næringspolitikken og næringsutviklingsarbeidet i Vik kommune blir styrt av Strategisk næringsplan 2022-2025. (PDF, 327 kB) Målet med planen er å samle gode krefter, slik at ein saman kan skape vekst, utvikling og gode lokalsamfunn i heile Vik kommune. Målet er vekst i tal arbeidsplassar og vekst i tal innbyggjarar. 

I Vik vil Sogn Næring vere førstelinje for både dei som ynskjer å starte si eiga bedrift, og etablert næringsliv som ynskjer å utvikle verksemda si. Sogn Næring ynskjer å jobbe målretta saman med bedrifter om å skape utvikling og nye arbeidsplassar. Ta kontakt med Sogn Næring i dag om du har ein idé eller eit prosjekt du ynskjer å diskutere. Sogn Næring kan bistå med hjelp til ideavklaring, rettleiing til finansieringskjelder, kompetanse knytt til forretningsutvikling med meir. Vidare vil Sogn Næring legge til rette for kurs og temasamlingar, og ha eit særskilt fokus på reiselivsnæringa og potensialet for auka produksjon og bruk av fornybar energi. Det vil bli utarbeida årlege handlingsplanar for arbeidet Sogn Næring skal utføre i Vik kommune. Du kan også lese meir om avtalen som er inngått mellom Sogndal og Vik kommune ved å fylgje denne lenkja. 

Vik kommune har kjøpt to plassar i FUS Vik - arbeidsfellesskapet Vik Samyrkelag (Sentrumsgata 38), som skal nyttast inn mot etablerarar, samarbeidsprosjekt i næringslivet og for studentar på høgare nivå. Det er Sogn Næring som driv plassane på vegne av kommunen. 

Kontaktopplysningar for Sogn Næring:
Sogn Næring AS
Trolladalen 30, 6856 Sogndal
E-post: post@sognnaring.no  Heimeside: https://www.sognnaring.no/