Om brannvesenet og brannførebygging
Ved brann & større ulukker ring 110
Sogn brann- og redningsteneste si hovudoppgåve er å førebyggje og hindre brannar. Sogn brann og redning (SBR) har 5 brannstasjonar som er plassert i kommunane; Sogndal-Gaupne-Vik-Balestrand og Leikanger.
Det er forskrift om organisering, bemanning og utrustning av brann- og redningsvesen og nødmeldesenttralene ( brann- og redningsvesenforskrifta) og ROS analyse (jf. brannordning) som avgjer kvar brannberedskapen skal vere. Ein tettstad er pr definisjon (frå SSB) ein stad med meir enn 200 innbyggjarar og mindre enn 50 m mellom husa.
Forskrifta viser til at det ikkje skal vere meir enn 10 minutt innsatstid til sjukeheimar og andre særskilde brannobjekt med høg risiko for tap av liv ved brann. Dette kan i visse høve fråvikast dersom ein gjer kompenserande tiltak i dei objekta dette gjeld.
Heimel:
Forskrift om brannforebygging 2015-12-15-1710
Kontaktinformasjon
Kontaktinformasjon finn du på denne lenkja
Publisert 23.11.2021 14:38
Sist endra 01.11.2024 11:07