Reseksjonering

Reseksjonering er å endre ein eigedom som allereie er seksjonert.

Dersom du ynskjer å gjere endring for ein seksjonert eigedom må du søke om reseksjonering.

Søknad om reseksjonering

Slik søkjer du om reseksjonering på eige søknadskjema:

Søknad om reseksjonering

Sjå rettleiing til utfylling av søknadskjema for reseksjonering

Du skal kun føre opp seksjonar som skal endrast.
Kven som skal signere søknadskjemaet kan variere, alt etter kva du/de vil endre.

Rettleiing om resekjonering finn du under eit rundskriv frå Tinglysingen under kap 12.2 (lenkje).

Dokumentasjon til søknaden:

  • Tinglyst seksjoneringssøknad
  • Situasjonsplan og planteikningar. Planteikningane over alle etasjane i bygningen, medrekna kjellar og loft der det blir gjort endringar mellom brukseinheiter og fellesareal. Teikningane skal vise tydeleg kor dei nye grensene for brukseinheitane skal gå og vise bruk av dei enkelte romma.
  • Situasjonskart over eigedomen som viser eigedomsgrenser og det som er av bebyggelse på eigedomen.  Bestill situasjonskart.
     

Kor skal søknaden sendast?

Søknad med vedlegg skal sendast til kommunen via brev-post.

Mottakar-adresse er:

Vik kommune
Postboks 134
6893 Vik i Sogn

Søknaden skal leverast i 2 eksemplar, begge i original, då det skal vere originale signaturar vidare mot Tinglysingen.

Kontaktinformasjon

Kontaktinformasjon finn du på denne lenkja