Seksjonering av uteareal

Dersom du skal ha ein permanent oppdeling av utearealet i sameiga, må søknad på dette gjerast samtidig med søknad om seksjonering/reseksjonering. Dei fordelte uteareala vil då tilhøyra dei ulike seksjonane, og desse kan ikkje endrast utan samtykke frå den eller dei som eig seksjonane.

Forutsetningar og krav

I utgangspunktet står du fritt til å fordele utearealet slik du sjølv vil. To vilkår må alikevel vere oppfyllt:

  • Alle som eig ein seksjon skal kunne koma seg fram til eigen seksjon frå eit fellesareal.
  • Uteareal som er vedteke som fellesareal gjennom byggeløyve eller reguleringsplan, kan ikkje fordelast til enkelt-seksjonar.

Slik kan du søke:

Søknad om oppmålingsforretning (PDF, 102 kB)

Skal du seksjonere utearealet, vert dette behandla som ei seksjoneringssak. Du kan fordele uteareal samtidig som du seksjonerer første gang eller ved reseksjonering.

Dokumentasjon til søknaden

  • Situasjonskart der du har teikna inn fordeling av uteareala. Du må tydeleg markere kvart uteareal med "seksjonsnummer" og fellesareala med "fellesareal". Bestill situasjonskart.
  • Situasjonskartet skal vere vedlegg til seksjonering/reseksjonering søknaden.

Dersom areala er koordinatfesta i plan eller alt målt inn, kam ein dele opp utearealet digitalt utan oppmålingsforretning.

Kva kostar det?

Oversikt over prisar finn du i gebyrlista henta frå "Budsjett 2023 og økonomiplan 2023-2026" her.