Slette seksjonering

Når du slettar seksjonering på ein eigedom, eig du ikkje lenger ein seksjon, men kun ein andel av grunneigedomen. Dersom det er nokon seksjonar som skal slettast, kan dette gjerast ved ein reseksjonering.

Vilkår for å slette seksjonering

  • Alle seksjonseigarar må signera søknaden.
  • Når det eksisterer bustader i sameiga, og fleire enn ein person er heimelshavar i denne, må de leggje ved ei erklæring om at den enkelte heimelshavar ikkje har eksklusiv bruksrett til ein enkelt bustad. I denne erklæringa må de forklara kva som er årsaka til at seksjoneringa skal slettast.
  • Dersom det er tinglyst pant eller strid om eigedomen, må du leggje ved skriftleg samtykke m.a. frå pantehavarar.
  • Både erklæring og samtykke må vere på papir i original form.

Slik søkjer du

Du sender inn søknad om seksjonering ved å fylle ut søknadskjemaet nedanfor:

Søknad om å slette ein seksjonering (PDF, 112 kB)

Kor skal søknaden sendast?

Lever skjemaet til oss i kommunen pr. brev eller ved oppmøte. Det kan ikkje leverast digitalt , då det er eit krav om originale signaturar.

Postadresse:

Vik kommune
Postboks 134
6891 Vik i Sogn

Kostnad?

Det kostar ingenting å slette ei seksjonering.

Kontaktinformasjon

Kontaktinformasjon finn du på denne lenkja