Taksering av eigedom

Tomteareal, bygningar med areal og tilstand; kvar eigedomen ligg er faktorar som avgjer kor stort takstgrunnlaget blir.

Fakta om eigedomen

Når det gjeld areal i bygning, tek ein utgangspunkt i bruksareal (BRA) som grovt sett er arealet på ytterveggane på bygningen. Alle etasjar dvs. kjellar-, under-, hovud- og loft-etasje vert medrekna i bruksarealet. Etasjane er inndelte med spesifikke faktorar. I tillegg til bruksarealet nyttar ein òg "ope areal" (OPA) for areal som ikkje er innebygd med veggar.

I eit rammedokument er det sett opp ei  gruppering av eigedomane i kommunen i ulike skattesoner. I tillegg er ytre (omgjevnadene) og indre faktorar (standard på bygningen) med på å regulere taksten.

Forstå ein eigedomsskattesetel

Sjå og pdf korleis ein skal forstå ein eigedomsskattesetel. (PDF, 514 kB)

Skattesats

Kommunestyret tek kvart år stilling til skattesats for eigedomsskatten. 
Ein føringsinstruks for matrikkelen her viser fastsette reglar for korleis areal vert berekna for eigedomsskatt (pdf) (PDF, 4 MB).
Her er ei lenkje med kortversjon om målereglar og arealutrekningar (pdf) (PDF, 735 kB)

Faktura

Eigedomsskatten vert fakturert i fire terminar med forfall i mars, mai, august og november.

Heimel

Lov om eigedomsskatt til kommunane (eigedomsskattelova)
Rammer og retningsliner for omtaksering av eigedomsskatt revidert kap. 4 og 5 vedteke 14.09.20 (PDF, 797 kB)
Vedtekter for eigedomsskatt i Vik kommune (PDF, 462 kB)
Møtebok Vik kommunestyre av 26.06.2008 (PDF, 4 MB)

Kontaktinformasjon

Kontaktinformasjon finn du på denne sida