I Vik kommune fungerer økonomiplanen som handlingsdel. Dei gjeldande plandokumenta finn de i kommunen si planoversikt på denne lenkja. I starten av kvar kommunestyreperiode skal kommunestyret vedta ein kommunal planstrategi. I planstrategien, som ein også finn i kommunen si planoversikt, skal kommunestyret ta stilling til om kommuneplanen eller delar av den, skal reviderast i perioden.
Samfunnsdelen
Samfunnsdelen til kommuneplanen er kommunen sitt viktigaste verktøy for heilskapleg og strategisk styring. Den viser kommunestyret sine prioriteringar for utvikling av både kommunesamfunnet og kommunen som organisasjon, og legg til rette for samordna innsats på tvers av sektorar. Samfunnsdelen skal også leggje føringar for alt anna planarbeid i kommunen. Den gjev styringssignal til kommuneplanen sin arealdel, mellom anna gjennom ein overordna arealstrategi, og til kommunen sine underliggjande planar, slik som temaplanar, strategiar, tematiske handlingsplanar og sektorplanar. For å vere eit godt styringsverktøy må samfunnsdelen vere tett kopla med økonomiplanen.
Gjeldande samfunnsdel blei vedteken i kommunestyret 24.9.2026, sak 069/26.
Planen er digital og har tre vedlegg:
Arealdelen
Arealdelen til kommuneplanen fastset med bindande verknad den framtidige bruken av dei ulike areala i kommunen. Han gjev dermed grunnlag for å utarbeide meir detaljerte planar for einskilde område og for å fatte vedtak i enkeltsaker i tråd med kommunen sine mål og den nasjonale arealpolitikken.
Vik kommune sin gjeldande arealdel blei vedteken i kommunestyret den 4.11.2024, sak 108/24.
Økonomiplanen som handlingsdel
Økonomiplanen er handlingsdelen til kommuneplanen sin samfunnsdel. Den blir utarbeidd og vedteken årleg, og viser korleis kommunen planlegg å bruke ressursane sine dei komande fire åra, medan årsbudsjettet gjeld for eitt år om gongen. Økonomiplanen og årsbudsjettet skal vere i økonomisk balanse og byggje på realistiske vurderingar av inntekter og utgifter. Samanhengen mellom økonomiplanen og samfunnsdelen er viktig for å sikre at kommunen fylgjer opp dei måla som er vedtekne i samfunnsdelen, og at tiltaka kan gjennomførast innanfor dei økonomiske rammene kommunen har.