Medverknad

Medverknad er ein grunnleggjande føresetnad i eit lokaldemokrati, og gjev innbyggjarane moglegheita til å delta og medverke i planprosessar. Innbyggjarane si aktiv rolle i plan- og vedtaksprosessar er viktig for å ta vare på felles verdiar og grunnleggjande levekår i eit berekraftig samfunn (kjelde: Rettleiar KMD: Medvirkning i planlegging). 

Sjå også videoen på denne lenkja, der ordføraren fortel om arbeidet med planen.

Kommunen legg opp til omfattande medverknad frå innbyggjarane i revisjonen av samfunnsdelen til kommuneplanen i 2025 og 2026. Det skal leggjast spesielt vekt på medverknad frå barn og unge. På denne sida finn du informasjon om både planlagde og gjennomførte medverknadsarrangement:

Planlagde eller pågåande medverknadsarrangement

  • 19.3.2026: Arbeidsverkstad med kommunestyret om planframlegget
  • Våren 2026: Orienteringssak på ungdomsrådsmøte og i møte til eldrerådet og rådet for menneske med nedsett funksjonsevne
  • Sommaren/hausten 2026: Offentleg høyring av planforslaget
  • Sommaren/hausten 2026: Innbyggjar-gjestebod om utvalde tema i ny samfunnsdel
  • Sommaren/hausten 2026: Folke-eller temamøte
  • Sommaren/hausten 2026: Orienteringssak på ungdomsrådsmøte og i møte til eldrerådet og rådet for menneske med nedsett funksjonsevne
  • Sommaren/hausten 2026: Sak om planen på frukostmøte til Sogn næring

 

Gjennomførte medverknadsarrangement

  • Januar 2025: Digital spørjeundersøking «Korleis skal Vik kommune vere i framtida?» Det kom inn totalt 260 svar, skuleelevar blei spesielt inviterte til å delta Du kan sjå svara her (PDF, 996 kB)

 Her kan du sjå ordskyer laga av enkelte svar. (PDF, 415 kB)

  • 13.2.2025: Arbeidsverkstad med kommunestyret, ungdomsrådet og eldrerådet om klima og klimamål. Det var Vestland fylkeskommune som gjennomførte arbeidsverkstaden i samarbeid med kommunen. 

Her kan du sjå presentasjonen vist på arbeidsverkstaden (PDF, 1010 kB)

Lista over moglege tiltak for å redusere forbruksbaserte klimagassutslepp, som det blei referert til i arbeidsverkstaden finn du på denne lenkja.

  • 26.2.2025: Samfunnsdelrevisjonen som tema på årsmøtet i pensjonistlaget. Her blei det både informasjon om planen og høve til innspel. Kva er det dei eldre i Vik kommune treng?
  • 28.2.2025: Samfunnsdelrevisjonen som tema på ungdomsrådsmøtet. Kva har dei unge svara i spørjeundersøkinga i januar? Korleis når vi dei eldre ungdomane?
  • 1.4.2025: Samfunnsdelrevisjonen som tema på møtet for eldrerådet og rådet for menneske med nedsett funksjonsevne: Om planen og korleis råda kan gje innspel.
  • 15.5.2025: Arbeidsverkstad med kommunestyret, ungdomsrådet og eldrerådet om overordna arealstrategi.

Arbeidsverkstad - presentasjon frå samlinga 15.05.25 finn de på denne lenkja. (PDF, 601 kB)

Resultat frå arbeidsverkstaden i kommunestyret 15.05.25 finn de her. (PDF, 594 kB)

  • Mai-august 2025: Sjekk ditt personleg klimafotavtrykk!» Innbyggjarane blei oppmoda til å prøve Ducky sin klimakalkulator og dele resultatet sitt anonymt med kommunen.

Lenke til klimakalkulator

Resultata som blei delte ligg i vedlagt PDF-fil (PDF, 395 kB)

  • Mai/juni 2025: gjestebod frivillige lag og organisasjonar: Korleis styrke frivilligheita og inkludere fleire? 

Resultata ligg i vedlagt PDF-fil (PDF, 2 MB)

  • 28.5.2025: Sak på møtet i ungdomsrådet: Berekraftsmål som skal ligge til grunn for ny samfunnsdel og forslag satsingsområde og hovudmål i planen
  • 28.5.2025: Sak på møtet i ungdomsrådet: Berekraftsmål som skal ligge til grunn for ny samfunnsdel og forslag satsingsområde og hovudmål i planen
  • 12.6.2025: Arbeidsverkstad med kommunestyret, ungdomsrådet og eldrerådet om målkonflikt og prioritering 
  • 22.9.2025: Samfunnsdelrevisjonen som tema på møtet for eldrerådet og rådet for menneske med nedsett funksjonsevne: Forslag visjon, satsingsområde, hovudmål, Forslag prioriterte berekraftsmål
  • 17.11.2025: Sak på møtet i ungdomsrådet: Utkast delmål og strategiar, arealstrategi 
  • 24.11.2025: Samfunnsdelrevisjonen som tema på møtet for eldrerådet og rådet for menneske med nedsett funksjonsevne: Fyrste funn frå tiltaksanalysen for reduksjon av klimagassutslepp
  • 24.11.2025: Samfunnsdelrevisjonen som tema på møtet for eldrerådet og rådet for menneske med nedsett funksjonsevne: Utkast delmål og strategiar, arealstrategi