Elevrådet

Elevrådet kan uttala seg om saker som gjeld skulen; skulemiljø, trivsel, lekser, ordensreglar, og andre saker elevane ynskjer å ta opp.

Alle skular med elevar på 5.-10. trinn skal ha eit elevråd. Representantar til elevrådet vert valde ved starten av skuleåret i august. Elevrådet fordeler oppgåver og roller i sitt fyrste møte. Eit elevråd skal ha ein elevrådskontakt, som er ein tilsett på skulen, som oftast ein lærar.  Elevrådsleiar og eitt elevrådsmedlem til, er faste medlemmer i SU (samarbeidsutvalet).

Opplæringslova § 5-3

Tverrfagleg tema i læreplanen Kunnskapsløftet - Utdanningsdirektoratet: Demokrati og medverknad 

Du finn informasjon om dei einskilde elevråda på skulane sine heimesider:

Feios skule

Flatbygdi skule