Leirskule

Leirskule eller skuletur er ein del av den obligatoriske grunnskuleopplæringa.
Skulane skal sjølv kunne velje korleis turen skal organiserast ut frå lokale forhold og høve.

Meir om tenesta

Krava som blir stilte, er at turen må ha ei lengd på minst tre overnattingar og at ein del av aktivitetane på turen skal vere opplæring. Skulen kan velje å gjennomføre ein leirskule med færre overnattingar, men skulen må då ta heile kostnaden sjølv. Turen skal planleggjast saman med elevar og foreldre, og det skal takast omsyn til ulike behov blant elevane.

Kva kostar det?

For eleven er leirskuleopphaldet gratis. For skuleturar utanom leirskule kan det koma kostnader til mat. Turen treng ikkje finansierast av skulen. Ein skuletur kan til dømes finansierast ved hjelp av dugnad, småjobbar eller loddsalg. Ein føresett eller ei foreldregruppe kan donere pengegåver til ein slik skuletur, men gåva må gjevast anonymt, og må koma heile elevgruppa til gode.

Aktuelle lenker og dokument

Lov om grunnskulen og den vidaregande opplæringa

Utestenging frå skuletur - Udir.no