Heimeundervisning

Foreldre/føresette til elevar i grunnskulen kan undervise sine barn heime om dei meiner at dette er best ut frå ideologiske eller religiøse/livssynsmessige grunnar. Kommunen fører tilsyn med heimeundervisninga i samarbeid med foreldra / dei føresette og kan også kalle inn barnet eller ungdommen til særskilte prøvar.

Meir om tenesta

Dersom krava i lova til heimeundervisning ikkje er tilfredstilte, skal kommunen krevje at barnet byrjar på skule. Elevar som får heimeundervisning, har ikkje rett til spesialundervisning. Kommunen har ikkje plikt til å halde elevane med lærebøker og undervisningsmateriell når dei får heimeundervisning. Retten til heimeundervisning gir ikkje rett til økonomisk kompensasjon frå kommunen.

Kven kan få tenesta?

Det blir ikkje kravd at du har formell pedagogisk kompetanse. Innhaldet i undervisninga må følgje dei vilkåra som er gitt i opplæringslova med forskrifter. Det må trekkjast grenser mellom privat heimeundervisning og skuleverksemd. Om du underviser barna til andre, er det skuleverksemd som må godkjennast av departementet.

Korleis kan du søkje på tenesta?

Du melder skriftleg frå til kommunen om at du skal starte med heimeundervisning. Sjå kontaktinformasjon lenger nede i artikkelen. 

Sakshandsaming

Kommunen har plikt til å behandle saka så snart som råd. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når ein meiner at vedtaket vil bli gjort.

Korleis kan du klage på vedtaket?

Du kan klage på vedtaket. Klagefristen er tre veker frå du tok imot vedtaket. Klagen sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klagen skal du føre opp kva du ynskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing. Klageinstans er statsforvaltaren. Før klagen blir send dit, skal den instansen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. 


Kontaktinformasjon

Administrasjonen
Informasjon Kontaktopplysningar
Telefon 57 69 82 00
Gateadresse Fjordavegen 1, 6893 Vik i Sogn
Postadresse Postboks 134, 6891 Vik i Sogn
Opningstider Måndag - fredag: 10:00 - 14:00. Stengt i fellesferien og romjula.
Organisasjonsnummer 937498764
EHF faktura 0192:937498764
E-post postmottak@vik.kommune.no
eDialog Sikker elektronisk post til kommunen

Aktuelle lenker og dokument

Norsk hjemmeundervisningsforbund

Friskolelova

Opplæringslova

Privat heimeundervisning - UDIR