Skulemiljøet - opplæringslova § 9A

Skulen har ei aktiv plikt til å passe på at skulen har eit godt miljø, både fysisk og sosialt. Skulebygget og uteplassen skal tilpassast alle elevar, også dei med funksjonsnedsetjing.

Meir om tenesta

Elevar og foreldre kan snakke med skulen og be dei rette opp ting som ikkje fungerer bra nok. Skulen skal ta stilling til oppfordringa så fort som mogleg og skal lage eit skriftleg vedtak om saka. Elevane skal få ta del i planlegginga og i arbeidet for eit trygt og godt skulemiljø. Skulen skal informere elevar og foreldre om rettane deira og om pliktene til skulen.

Opplæringslova §9A er elevane si "arbeidsmiljølov" og slår fast at alle elevar har rett til eit trygt og godt skulemiljø som fremjar helse, trivsel og læring.

Skulen si aktivitetsplikt skal sikra at elevane har eit trygt og godt skulemiljø:

  • Plikt til å følgja med
  • Plikt til å gripa inn
  • Plikt til å varsla
  • Plikt til å undersøkja
  • Plikt til å setja inn tiltak (aktivitetsplan)

Når du melder frå om at ein elev ikkje har det trygt og godt, skal skulen undersøkje saka, lytta til eleven, samarbeide med føresette og setja inn tiltak når det er behov for det (aktivitetsplan). 

Ta kontakt med skulen; kontaktlærar eller rektor, dersom du opplever at ein elev ikkje har eit trygt og godt skulemiljø.

Kven kan få tenesta?

  • Elevar i grunnskulen og vidaregåande skule
  • Elevar som nyttar skulefritidsordninga og leksehjelp
  • Føresette

Sakshandsaming

Skulen har plikt til å behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til dette, med opplysningar om når du kan vente at det vil bli gjort eit vedtak.

Korleis kan du klage på vedtaket?

Er du misnøgd med vedtaket, kan du klage til skulen innan ein frist på tre veker frå du fekk det. Gjer ikkje skulen noko vedtak etter å ha fått tid til å vurdere saka, kan du likevel klage som om vedtaket var gjort. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Lèt skulen avgjerda stå, blir saka send vidare til statsforvaltaren, som avgjer om klagen skal takast til følgje. Om skulen ikkje har svara deg innan rimeleg tid, kan du enno klage som om skulen hadde fatta eit vedtak.

Kontaktinformasjon

Administrasjonen
Informasjon Kontaktopplysningar
Telefon 57 69 82 00
Gateadresse Fjordavegen 1, 6893 Vik i Sogn
Postadresse Postboks 134, 6891 Vik i Sogn
Opningstider Måndag - fredag: 10:00 - 14:00. Stengt i fellesferien og romjula.
Organisasjonsnummer 937498764
EHF faktura 0192:937498764
E-post postmottak@vik.kommune.no
eDialog Sikker elektronisk post til kommunen

 

Kontaktopplysningar til skulane i Vik kommune finn du på denne lenka.

Aktuelle lenker og dokument

Mobbing - skulen og foreldrene sitt ansvar - foreldreutvalgene.no

Forskrift om miljøretta helsevern i barnehagar og skular

Skulemiljø - Udir.no

Kommunedelplan - grunnskule (PDF, 2 MB)

Opplæringslova § 9

Mobbing og mistrivsel - kva skal skulen gjere - Utdanningsdirektoratet

Mobbing - Utdanningsdirektoratet

Skulemiljø - Utdanningsdirektoratet