Skulestart

Utgangspunktet er at born startar i grunnskulen det kalenderåret dei fyller seks år. Du kan søkje om utsett eller tidlegare skulestart for barnet ditt. Utsett skulestart tyder at barnet startar i skulen det kalenderåret det fyller sju år. Tidlegare skulestart tyder at barnet startar på skulen det kalenderåret barnet fyller fem år.

Meir om tenesta

Skulen/kommunen vil sende brev til føresette med born som er i skulepliktig alder. I brevet blir det opplyst om kor de skal møte og til kva tidspunkt.

Eleven har rett til utsett skulestart dersom det etter sakkunnig vurdering frå pedagogisk-psykologisk teneste (PPT) er tvil om barnet har komme langt nok i utviklinga si til å starte på skulen. For å få tidlegare skulestart må barnet fylle fem år innan 1. april. Det må liggje føre ei sakkunnig vurdering frå PPT og skriftleg samtykke frå foreldra.

Sjå opplæringslova § 2-1 - rett og plikt til grunnskoleopplæring

Kven kan få tenesta?

Føresette med born i skulepliktig alder

Korleis kan du søkje på tenesta?

Ta kontakt med skulen eleven skal byrje på, eller send søknad til Vik kommune. Sjå kontaktopplysningar lenger nede i artikkelen.

Sakshandsaming

Kommunen har plikt til å behandle saka så snart som råd. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når ein meiner at vedtaket vil bli gjort.

Korleis kan du klage på vedtaket?

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Blir avgjerda ståande, blir saka send vidare til statsforvaltaren, som avgjer om klagen skal takast til følgje.

Kontaktinformasjon

Administrasjonen
Informasjon Kontaktopplysningar
Telefon 57 69 82 00
Gateadresse Fjordavegen 1, 6893 Vik i Sogn
Postadresse Postboks 134, 6891 Vik i Sogn
Opningstider Måndag - fredag: 10:00 - 14:00. Stengt i fellesferien og romjula.
Organisasjonsnummer 937498764
EHF faktura 0192:937498764
E-post postmottak@vik.kommune.no
eDialog Sikker elektronisk post til kommunen

Kontaktopplysningar til skulane i Vik kommune finn du på denne lenka.