Skuleskyss

Dersom de meiner eleven har rett på gratis skuleskyss må de kontakta skulen, som søkjer om skuleskyss på vegne av eleven. 

Meir om tenesta

Kven har rett til gratis skuleskyss?

  • Elevar i grunnskulen som har lengre enn fire kilometer avstand mellom heim og skule har rett på gratis skuleskyss. Fyrsteklassingar har rett på fri skuleskyss dersom skulevegen er lengre enn to kilometer kvar veg. Fylkeskommunen gjer vedtak om rett til skyss.
  • Elevar som har mindre enn fire (to for fyrsteklassingar) kilometer lang skuleveg, men som har ein spesielt trafikkfarleg eller vanskeleg skuleveg kan få innvilga gratis skyss. 
  • Elevar med varig eller midlertidig funksjonshemming/sjukdom kan ha rett på skyss mellom skule og heim uavhengig av reiselengde. Fylkeskommunen gjer vedtak om rett til skyss.

Kontaktopplysningar

Kontaktopplysningar til skulane i Vik kommune finn du på denne lenka.

Aktuelle lenker og dokument

Utdanningsdirektoratet

Trygg Trafikk

Vik kommune har utarbeida ein eigen trafikktryggingsplan for kommunen vår, les dokumentet her. (PDF, 3 MB)