Meir om tenesta
Du som er over skulepliktig alder og som treng grunnskuleopplæring, har rett til slik opplæring og kan søkje om dette. Opplæringa gjeld vanlegvis dei faga du treng for å få vitnemål for fullført grunnskule for vaksne. Opplæringa skal tilpassast behovet ditt. Det gjeld både omfang, lengd og tidspunkt for undervisninga. Vaksne skal ikkje plasserast i ordinære klassar saman med born og unge.
Kven kan få tenesta?
Dei som er over 16 år, og som har behov for grunnskuleopplæring.
Korleis kan du søkje på tenesta?
Fyll ut skjema under, og lever eller send dette til Vik kommune, pb 134, 6891 Vik i Sogn.
Søknad om grunnskuleopplæring (DOCX, 323 kB)
Kva kostar det?
Opplæringa og undervisningsmateriell er gratis.
Sakshandsaming
Kommunen har plikt til å handsame saka så snart som mogleg. Dersom det ikkje kan gjerast vedtak i saka innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når du kan vente at det vil bli gjort eit vedtak. Sjølv om det finst ein individuell rett til opplæring, må kommunen få rimeleg tid til å planleggje tilbodet. Dette inneber at du må akseptere at det kan ta ei viss tid før opplæringstilbodet blir etablert.
Korleis kan du klage på vedtaket?
Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Forklar kva du er misnøgd med, og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Lèt kommunen avgjerda stå, blir saka sendt vidare til Statsforvaltaren, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.
Kontaktinformasjon
Vik kommune
Pb 134
6891 Vik i Sogn
Sentralbord Vik kommune 57 69 82 00
Aktuelle lenker og dokument
Opplæringslova §4A-1 - rett til grunnskuleopplæring for vaksne
Grunnskuleopplæring for vaksne - Utdanningsdirektoratet