Kommunale utleigebustadar

Ein kommunal bustad er for deg som har problem med å skaffa deg bustad på den private bustadmarknaden.

Meir om tenesta

Kommunal bustad er eit mellombels tilbod. Du kan bruke tida du leige bustad til å planleggje korleis du vil bu i framtida.

Kven kan få tenesta?

Alle som meiner dei har behov for kommunal bustad kan søkja om dette. Den som blir vurdert å ha det største behovet vil få tilbod når ein bustad blir ledig. Du må vere utan eigna bustad og ikkje i stand til å skaffe deg bustad sjølv, eller med annan offentleg hjelp.

Ved vurdering av søknaden legg me vekt på:

  • søkjar må vere over 18 år, og ha vore folkeregistrert i Vik kommune i minimum to år (gjeld ikkje flyktningar).
  • noverande busituasjon
  • sosiale forhold
  • økonomi 
  • helsesituasjon

Søk om kommunal bustad 

Søknadsfrist

Det er ikkje søknadsfrist. Søknader vert behandla fortløpande.

Kontaktinformasjon

Kontaktinformasjon finn du på denne lenka

Aktuelle lenker og dokument

Forvaltningslova

Sosialtenestelova

Klage på kommunal teneste