Flyktningar frå Ukraina

Vik kommune bur seg på å busetta flyktningar frå Ukraina.

Kommunen kartlegg kapasitet for innkvartering og arbeider med å legge til rette for dei tenestene og tilboda som mottak av flyktningar krev. 

Flyktningar som kjem til kommunen på eiga hand

Dersom det er flyktningar frå Ukraina som er komne til kommunen på eiga hand, ber me dei ta kontakt med Flyktningtenesta i kommunen på e-post: dagny.berglie.vangsnes@nav.no eller telefon: 90 28 44 81.

Якщо є біженці з України, які приїхали в муніципалітет самостійно, будь ласка, зв'яжіться з Flyktningtenesta в муніципалітеті по електронній пошті: dagny.berglie.vangsnes@nav.no або за телефоном: +47 90 28 44 81.

Flyktningar frå Ukraina som ynskjer å bu privat medan dei ventar på vedtak frå UDI, kan søkje om dette gjennom UDI (følg denne lenka).


Kan du bidra med bustad?

Vik kommune kartlegg no kva kommunale bustader som kan nyttast som bustad for flyktningane frå Ukraina. Det kan også bli behov for private bustader til dette føremålet. Har du ein bustad Vik kommune kan nytta til mellombels innkvartering eller til fast busetting i kommunen, kan du melda dette inn til kommunen ved å ta kontakt med Hilde Gunn Hellen på e-post:   hilde-gunn.hellen@vik.kommune.no eller telefon: 48 02 62 98. 


Vil du bidra med frivillig innsats?


Dersom du ønsker å bidra med frivillig innsats i samband med at det kjem flyktningar frå Ukraina til Vik kommune, kan du ta kontakt med Frivilligsentralen ved Birgit Voll.
Send ein e-post til birgit.voll@vik.kommune.no der du skriv litt om deg sjølv (namn, telefonnummer og i kva del av kommunen du bur) og kva du tenkjer du kan bidra med. Så vil kommunen ta kontakt ved behov. 


Meir informasjon

På desse nettsidene finn du meir informasjon om beskyttelse og opphald i Noreg for personar som er råka av krigen i Ukraina: