RustenestaLytt til tekstenStopp avspillingRustenesta i Vik er lokalisert på Nav. Rustenesta er ein del av dei sosiale tenestene i Vik kommune. Målet er å gi bistand tilpassa den enkelte brukar sitt behov Kven kan få tenesta? Tenesta blir gitt til vaksne over 18 år. Kva kan me tilby? Rusarbeidet omfattar mellom anna å gi råd og rettleiing til personar som har eit rusproblem, avhengigheit eller står i fare for å utvikle eit slikt problem. I tillegg til råd og rettleiing kan rustenesta bidra med å setja i verk hjelpetiltak som kan auke moglegheita for å kome seg vekk frå misbruket. Rustenesta kan blant anna: hjelpe deg å kartlegge rusproblemet gi hjelp til rusmeistring gjennom samtalar og rettleiing gi hjelp til meistring av gjeremål i dagleglivet bidra til auka livskvalitet i kvardagen delta i samarbeid med andre offentleg tenester tilvise til behandling i spesialisthelsetenesta, med oppfølging før,under og etter behandling tilby støttekontakt Les om brukarutstyr for injeksjon her. Kvar kan eg få meir informasjon? NAV Informasjon Kontaktopplysningar Telefon 57 69 82 00 / 55 55 33 33 Telefon nødnummer 90 57 38 33 Gateadresse Fjordavegen 1, 6893 Vik i Sogn Postadresse Postboks 93, 6891 Vik i Sogn Opningstider Nytt frå 27.03.23: Drop-in avtalar på måndagar: 12:00 - 14:00 E-post nav.vik@nav.no Er du pårørande? Tenesta kan også gi råd og rettleiing til pårørande til personar med rusproblematikk. Aktuelle lenker og dokument Lov om helse-og omsorgstenester §3-1 første ledd, § 3-2 første ledd nr.4-6 Lov om pasient- og brukarrettar § 2-1a Publisert 11.11.2021 13:32 Sist endra 24.03.2023 16:00