Utsleppsløyve større anlegg

Avlaupsanlegg for meir eller lik 50 personekvivalentar (50 pe) og med eit samla utslepp opp til 2000 pe til ferskvatn eller elvemunning eller til 10 000 pe til sjø verk rekna som eit større avlaupsanlegg.

Du må søkja om utsleppsløyve når du skal:

  • auka eit eksisterande utslepp
  • endra type utslepp eller utsleppsstad
  • oppgradera eller rehabilitera anlegget ditt

Du treng løyve både etter plan- og bygningslova og etter forureiningslova for å etablera avlaupsanlegget ditt.

Utsleppsløyve - søknad

Kva er eit større avlaupsanlegg

  • Eit avlaupsanlegg frå og med 50 pe (personekvivalentar) og med eit samla utslepp opp til 2000 pe til ferskvatn eller elvemunning eller til 10 000 pe til sjø vert rekna som eit større avlaupsanlegg.
  • Som standard reknar me 5 personar per bustad. Det er også nyttig å rekna tal sengjeplasser i bustaden/fritidsbustaden.
  • Større avlaupsanlegg vert behandla etter kapittel 13 i forureiningsforskrifta der kommunen er forureining- og avgjerdsmynde. 
  • Les meir om avlaup hjå miljødirektoratet.

Kontaktinformasjon

Kontaktinformasjon finn du på denne lenka