Vassmålar

Den enkelte abonnent må sjølv koste innkjøp og installasjon av vassmålar. Kommunen fastset type og storleik på målar.

Installasjon og bruk av vassmålar skal vere i samsvar med reglar for bruk av vassmålar i Vik kommune.

Meir om tenesta

Innkjøp og installasjon av vassmålar

Målaren blir kjøpt inn og betalt av abonnenten, og han er abonnenten sin eigedom. Kommunen bestemmer type, plassering og storleik på målaren, tilpassa forbruket.

Abonnenten må og koste installasjonen og eventuell flytting av målaren. Installasjon av målar skal utførast av ein røyrleggjar som er godkjent av kommunen. Vassmålaren må plasserast slik at han er lett tilgjengeleg både for avlesing og kontroll/utskifting. Etter montasje skal vassmålaren plomberast av kommunen eller av godkjent røyrleggjar. 

Melding om installasjon / utskifting av vassmålar  (DOCX, 21 kB)

Avlesing

Avlesing av vassmålaren skal gjerast ein gong i året. Abonnenten skal lese av målaren og melde inn data til kommunen innan fastsett tid. 

Kontroll

Kommunen skal ha tilgang til vassmålaren for inspeksjon og kontrollavlesing til varsla tid.

Kommunen kan til ei kvar tid, eventuelt etter skriftleg søknad frå abonnenten, kontrollere målaren. Dersom kontrollen viser feilavlesing på meir enn 5 %, skal årsgebyret justerast for det føregåande året. Eventuell utskifting av målaren skal abonnenten sjølv koste. 

Fleire tilknytingar

Kvar eigedom skal normalt berre ha ei tilknyting. I dei tilfella ein eigedom har fleire tilknytingar, skal det installerast ein målar for kvar. Eventuelle interne målarar er kommunen uvedkommande. 

Andre tilhøve

Når vassmålar er montert, kan han ikkje fjernast utan kommunen sitt samtykke.

Dersom vassmålar ikkje kan plasserast frostsikkert, skal gebyret baserast på stipulert forbruk etter vedtekne berekningsreglar.

Dersom ein målar blir skada, skal abonnenten straks melde til dette til kommunen. Plomberte målarar kan berre opnast av kommunen sitt personell eller under oppsyn av kommunen sitt personell. Er ei plombe broten, blir vassforbruket for vedkommande termin fastsett til pårekna multiplisert med 2. 

Kontaktinformasjon

Kontaktinformasjon finn du på denne lenka