Byggearbeida skal halda fram i over 4 år, fram til om lag 31. mai 2026. Det historisk store prosjektet for Vik kommune, har ei kostnadsramme på om lag 370 millionar kroner fordelt på 3 byggetrinn. Du kan lesa meir i kommunestyret si behandling av saka, siste gong 18.2.2022.
Planlegginga av prosjektet har pågått i fleire år, og kommunen har hatt følgjande rådgivarar med seg i dette arbeidet:
- Arkitektar og leiing av prosjekteringsgruppa: Arkitektfirma Jon Vikøren as.
- Rådgivande ingeniørar i byggefag, tekniske fag og utomhus: Norconsult as.
- Rådgivande ingeniørar i brannteknikk: Firesafe as.
Etter ein runde med anbod i vinter, vart det i starten av mars klart at følgjande entreprenørar fekk tildelt dei 6 entrerprisane:
- Hovudentreprise: Lab entreprenør as, Bergen.
- Røyranlegg: Skår VVS as, Dale i Sunnfjord.
- Luftbehandling: GK Norge as, Sogndal.
- Elkraft og teleteknisk: Magnus M. Thunestvedt, Bergen.
- Automatisering: GK Norge as, Sogndal.
- Heis: Denne entreprisen er ikkje tildelt enno, men planlagt tildelt i starten av 2023.
I tillegg er NetNordic as tildelt entreprisen for velferdsteknologi gjennom eksisterande rammeavtale.
Følgjande firma er tildelt rollar som uavhengige kontrollørar i prosjektet:
- Prosjektering og utføring av brannsikkerheit: Roar Jørgensen as
- Prosjektering og utføring av bygningsfysikk, konstruksjonssikkerhet og geoteknikk: Bystøl as.
Prosjektet er ein kombinasjon av nybygg, sanering av dei eldste bygga og renovering av nokre av dei eksisterande bygga ved Vik bygde- og sjukeheim. Arbeida er delt i tre byggetrinn:
- Byggetrinn 1 består av:
- Nybygg A med bueiningar.
- Bygg B, som er renovering og tilbygg til Helsetunet.
- Nybygg C med fellesrom, kontor og tenesteproduksjon.
- Nybygg H med bueiningar.
- Byggetrinn 2 består av:
- Nybygg D med fellesrom.
- Bygg F, renovering av eksisterande bygg. Bueiningar.
- Byggetrinn 3 består av:
- Nybygg E med bueiningar.
- Bygg G, renovering av eksisterande bygg. Bueiningar.
Bygg J på teikninga nedanfor er Bringebærhagen og bygg I er eksisterande bustadar i Flatbygdi 18. Desse to bygga er ikkje direkte omfatta av prosjektet, men med på teikninga for oversynet si skuld,
Oversyn over bygningane i prosjektet.