Offisiell opning av Vik helse- og omsorgssenter

Torsdag 15.mai var det offisiell opning av byggetrinn 2 ved Vik helse- og omsorgssenter.

Byggetrinnet inkluderer mellom anna 12 sjukeheimsrom for somatikk, kommunalt akutt døgnopphald, dagsenter, allrom, sanserom, produksjonskjøkken, vaskeri og reinhald, samt lager og lokale for drift. 

Under den offisielle opninga av byggetrinn 2 vart me ønskja velkommen av tenesteleiar for sjukeheimen Lilly Torget Nesset, som stolt kunne visa fram det nye framtidsretta bygget. Ho takka alle tilsette for å halda ut den krevjande tida det har vore med å drifta sjukeheimen parallelt med å vera i byggeprosess. Ho takke dei frivillige, tilsette ved drift/vedlikehald og tilsette innan IKT i kommunen for at ein kom seg i hus. 

Ordføraren klypte snora som vart heldt i av to staute karar. Ordføraren heldt tale der han framheva betydninga av det nye omsorgstilbodet for kommunen. Han la vekt på korleis dei nye fasilitetane vil styrke helsetenestene og gi betre omsorg til innbyggarane. Talen vart halden i samband med kommunestyremøtet, som fann stad i det nye allrommet på senteret. Opninga vart også markert med ope hus, der innbyggarane fekk moglegheit til å sjå dei nye lokala, samt nyte kaffi og kake.

Eit tredje byggetrinn, skal stå ferdig i mai 2026, med 18 sjukeheimsplassar og 6 omsorgsbustader med heildøgnsomsorg.