SMIL - ny søknadsomgang - frist 15. oktober

Vik kommune har framleis att SMIL- midlar frå hovudutlysing, pluss inndregne midlar. Difor vert det ein ekstra utlysingsrunde i år. Frist for å søkje er sett til 15. oktober 2025.

Spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL)
Føremålet med ordninga er å ivareta natur- og kulturminneverdiane i kulturlandskapet til jordbruket, samt redusera ureininga frå jordbruket utover det som blir forventa gjennom vanleg jordbruksdrift.

Lenke til informasjon frå Landbruksdirektoratet finn du her.

Har du spørsmål, ta kontakt med: 
Guro Bakkerud, tlf. 47677996, e-post: guro.bakkerud@vik.kommune.no