TV-aksjonen 19.10.25 - Atlas-alliansen
Atlas-alliansen består av åtte organisasjonar av og for funksjonshemma som internasjonalt jobbar for like rettar og mogelegheiter for personar med funksjonsnedsetjingar.
Midlane frå TV-aksjonen skal opne dørar til funksjonsnedsette som lever i krig og fattigdom.
Kvar dag kan me lese nyhende frå område råka av krig og konflikt. Me veit at krigen sine handlingar gjer at fleire får ei funksjonsnedsetjing dei må leva vidare med.
Fordommar, mangel på tilrettelegging og hjelpemiddel gjer det vanskeleg å delta i samfunnet, gå på jobb og skule. Det er eit stort tap for samfunnet når ikkje alle kan vera med og visa kva dei er gode for.
Saman skal vi gi funksjonsnedsette naudhjelp, utdanning og mogelegheit til å få eit betre liv.
Pengane frå TV-aksjonen skal gå til skulegang, helsetenester og naudhjelp, samt hjelpemidlar som skulebøker med punktskrift, rullestolar og protesar.
TV-askjonen er søndag 19 oktober. Bøssebærarane startar å gå sine tildelte rodar kl. 16.00. Takk for at du tek godt i mot bøssebærarene.

Publisert 13.10.2025 08:07
Sist endra 13.10.2025 12:10