Transportteneste for funksjonshemma.

Er du funksjonshemma og treng dør-til-dør-transport for å delta i aktivitetar på lik line med alle andre, kan du søkje om TT-kort. Kortet dekkjer ei viss mengd reiser og du betalar ein eigendel for kvar tur. TT-ordninga skal brukast til lokale fritidsreiser, og ikkje til sjuketransport, legebesøk eller andre reiser som blir dekte av folketrygda.

Tenesta vert forvalta av Vestland fylkeskommune. Du kan lesa meir og søkja om tenesta på heimesida til fylkeskommunen.