Brukarstyrt personleg assistanse

Er du sterkt funksjonshemma eller har eit langvarig og stort behov for praktisk og personleg hjelp i dagleglivet, har du rett til brukarstyrt personleg assistanse (BPA).

Meir om tenesta

Personleg assistanse omfattar praktisk bistand og opplæring og støttekontakt. Retten til avlastingstiltak gjeld for personar med foreldreansvar for heimebuande barn under 18 år med nedsett funksjonsevne.

Innanfor det timetalet du får tildelt, kan du i prinsippet styre kven du vil ha som hjelpar(ar) og kva assistentan(e) skal gjere. Målet er at du skal ha eit mest mogleg aktivt liv.

Kven kan få tenesta?

  • Personar med eit samansett og omfattande behov for tenester og som er i stand til å rettleie assistenten (ta arbeidsleiarrolla). 
  • Personar som ikkje kan ta vare på denne rolla sjølv, som personar med psykisk utviklingshemming 
  • Familiar med barn med nedsett funksjonsevne

Korleis kan du søkje på tenesta?

Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å søkje (telefon 57 69 87 50), eller du kan be andre hjelpe deg dersom du har behov for det. Du kan søkje på elektronisk skjema ved å følgje denne lenka til skjemaet (innlogging via id-porten).

Dersom nokon hjelper deg med å fylle ut søknaden, må du samstundes fylle ut ei fullmakt. Fullmakta finn du på denne lenka (PDF, 130 kB) (PDF, 130 kB). Fullmakta må skrivast ut og signerast av den omsorgstrengjande. Signert fullmakt kan anten leggjast ved søknaden eller du kan senda den til kommunen per post. 

Du kan velja om du vil levera søknad elektronisk, eller om du vil lasta ned eit skjema, fylla ut skjemaet og senda det til kommunen.

Send søknad her (elektronisk).

eller

Søk ved å lasta ned skjema. (PDF, 172 kB) (PDF, 38 kB)

Dersom du vel å lasta ned skjema, må du senda utfylt skjema med eventuell fullmakt til denne adressa:

Vik kommune
Omsorgstenesta
Postboks 134
6891 Vik i Sogn

Søknadsfrist

Det er ikkje søknadsfrist. Søknadar vert behandla fortløpande.

Kva kostar det?

Tenesta er gratis.

Vilkår for å få tenesta?

Personar som ikkje kan dra omsorg for seg sjølv, eller som er heilt avhengig av praktisk eller personleg hjelp for å greie gjeremåla i dagleglivet.

Sakshandsaming

Før saka kan bli avgjort, vil vi kartleggje ønskja og behova dine nærmare. Normalt vil vi kome på heimebesøk. Deretter blir det gjort eit vedtak. I vedtaket går det fram om du har fått tildelt tenesta eller ikkje, og kva tenesta eventuelt omfattar.

Sakshandsamingstid

Kommunen skal behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan bli avgjort innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det. Du skal samstundes få opplysningar om når du kan vente at det vil bli gjort eit vedtak.

Korleis kan du klage på vedtaket?

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du fekk det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Lèt kommunen avgjerda stå, kan du klage vidare til helsetilsynet i fylket.

Du kan òg klage på sjølve utføringa av tenesta. Klagen sender du til kommunen eller direkte til tenesteytaren. Adressa er:

Vik kommune
Omsorgstenesta
Postboks 134
6891 Vik i Sogn

Kontaktinformasjon

Vik bygde- og sjukeheim
Informasjon Kontaktopplysningar
Telefon sentralbord 57 69 87 50
Telefon avdeling 1 91 56 23 68
Telefon avdeling 2 97 58 30 95
Telefon open omsorg (heimetenestene) 57 69 87 30
Gateadresse Flatbygdi 19, 6893 Vik i Sogn
Postadresse Postboks 134, 6891 Vik i Sogn
Besøkstider Me har ikkje lenger fastsett besøkstid, men det er framleis ynskjeleg at ein legg besøk til tida mellom 10:30 og 18:00, då det i liten grad påverkar dagsrytmen til pasienten. Det er ikkje lenger naudsynt med føring av besøksprotokoll.
E-post postmottak@vik.kommune.no

Aktuelle lenker