Heimehjelp

Heimehjelp er eit tilbod til deg som grunna sjukdom og nedsett helse treng hjelp for å greie praktiske gjeremål. Målet er at du skal vere i stand til å bu heime. Du må betale for heimehjelp. 

Kva kan du få hjelp til?

  • Enkel reingjering av rom som er i dagleg bruk; golvvask, støvsuging og vask av bad/WC.
  • Hjelp til vask av kle i vaskemaskin.
  • Skifte av sengekle.
  • Hjelp til å handle inn nødvendige daglegvarer. Handling vert som hovudregel utført ein gong per veke. Vi oppmodar om å nytte e-handel der det er mogleg. 

Du må sjølv skaffe reinhaldsutstyr og vaskemiddel etter liste frå heimetenesta. 

Slik søkjer du

Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å søkje (telefon 57 69 87 50), eller du kan be andre hjelpe deg dersom du har behov for det. Du kan søkje på elektronisk skjema ved å følgje denne lenka til skjemaet (innlogging via id-porten).

Dersom nokon hjelper deg med å fylle ut søknaden, må du samstundes fylle ut ei fullmakt. Fullmakta finn du på denne lenka (PDF, 130 kB) (PDF, 130 kB). Fullmakta må skrivast ut og signerast av den omsorgstrengjande. Signert fullmakt kan anten leggjast ved søknaden eller du kan senda den til kommunen per post. 

Du kan velja om du vil levera søknad elektronisk, eller om du vil lasta ned eit skjema, fylla ut skjemaet og senda det til kommunen.

Send søknad her (elektronisk).

eller

Søk ved å lasta ned skjema. (PDF, 38 kB)

Dersom du vel å lasta ned skjema, må du senda utfylt skjema med eventuell fullmakt til denne adressa:

Vik kommune
Omsorgstenesta
Postboks 134
6891 Vik i Sogn

Søknadsfrist

Det er ikkje søknadsfrist. Søknadar vert behandla fortløpande.

Kva kostar det?

Oversikt over prisar finn du i gebyrlista henta frå "Budsjett 2024 og økonomiplan 2024-2027 her.

Vilkår for å få tenesta?

Det er behovet ditt som avgjer om du kan få tenesta.

Sakshandsaming

Kommunen skal innhente nødvendige opplysningar for å avgjere saka. Normalt vil vi komme på heimebesøk. Deretter blir det gjort eit vedtak. Til vanleg får du ei grunngjeving saman med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving dersom ein meiner at du blir misnøgd med vedtaket. Om grunngjevinga ikkje følgjer med, kan du få ho ved å vende deg til kommunen før klagefristen for vedtaket går ut.

Sakshandsamingstid

Kommunen skal behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan bli avgjort innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det. Du skal samstundes få opplysningar om når du kan vente at det vil bli gjort eit vedtak.

Korleis kan du klage på vedtaket?

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du fekk det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Lèt kommunen avgjerda stå, kan du klage vidare til helsetilsynet i fylket.

Du kan òg klage på sjølve utføringa av tenesta. Klagen sender du til kommunen eller direkte til tenesteytaren. Adressa er:

Vik kommune
Omsorgstenesta
Postboks 134
6891 Vik i Sogn

Kontaktinformasjon

Vik bygde- og sjukeheim
Informasjon Kontaktopplysningar
Telefon sentralbord 57 69 87 50
Telefon avdeling 1 91 56 23 68
Telefon avdeling 2 97 58 30 95
Telefon open omsorg (heimetenestene) 57 69 87 30
Gateadresse Flatbygdi 19, 6893 Vik i Sogn
Postadresse Postboks 134, 6891 Vik i Sogn
Besøkstider Me har ikkje lenger fastsett besøkstid, men det er framleis ynskjeleg at ein legg besøk til tida mellom 10:30 og 18:00, då det i liten grad påverkar dagsrytmen til pasienten. Det er ikkje lenger naudsynt med føring av besøksprotokoll.
E-post postmottak@vik.kommune.no

Aktuelle lenker