Tekniske hjelpemiddel - utlån

Er du funksjonshemma eller har du vore operert eller utsett for skade eller sjukdom, kan du få låne tekniske hjelpemiddel.

Meir om tenesta

Hjelpemiddel gjev dei som treng det, ein lettare kvardag, og ein kan låne dei for ein kortare eller lengre periode.

Kven kan få tenesta?

Personar med nedsett funksjonsevne for ein kortare eller lengre periode.

Korleis kan du søkje på tenesta?

Det er kommunen du skal kontakte når du har behov for tekniske hjelpemiddel. Opplæring i bruk av hjelpemidla, montering og eventuell reparasjon blir vanlegvis utført av kommunen. Når det gjeld hjelpemiddel til varig bruk, sørgjer kommunen for at søknad blir sendt til Nav Hjelpemiddelsentral i fylket.

Opningstida er måndag til fredag, kl. 08:00-15:30

  • Amund Helleland, driftsoperatør, telefon 994 95 173.
  • Frøydis Haga, ergoterapeut, telefon 481 10 399.

Søknadsfrist

Det er ikkje søknadsfrist. Søknadar vert behandla fortløpande.

Kva kostar det?

Tenesta er gratis.

Vilkår for å få tenesta?

Personar som ikkje kan dra omsorg for seg sjølv, eller som er heilt avhengig av praktisk eller personleg hjelp for å greie gjeremåla i dagleglivet.

Sakshandsaming

Kommunen kartlegg hjelpebehova dine. Normalt vil vi kome på heimebesøk. For tildeling av hjelpemiddel til varig bruk blir det gjort eit vedtak etter folketrygdlova. I vedtaket går det fram om du har fått tildelt hjelpemiddelet eller ikkje. Dersom du får avslag, skal du samtidig ha ei grunngjeving for avslaget.

Sakshandsamingstid

Kommunen/NAV Hjelpemiddelsentral har plikt til å behandle saka så snart som råd. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det. Du skal samstundes få opplyst om når ein meiner at vedtaket vil bli gjort.

Korleis kan du klage på vedtaket?

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du fekk det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Lèt kommunen avgjerda stå, kan du klage vidare til helsetilsynet i fylket.

Du kan òg klage på sjølve utføringa av tenesta. Klagen sender du til kommunen eller direkte til tenesteytaren. Adressa er:

Vik kommune
Omsorgstenesta
Postboks 134
6891 Vik i Sogn

 

Aktuelle lenker