Ergoterapi

Ergoterapeutar hjelper til med å finne løysingar når det oppstår eit gap mellom helsa di og krava i kvardagen. Ein ergoterapeut gjer det mogleg for deg å utføre dei aktivitetane som er viktige i livet ditt.

Meir om tenesta

Tenesta går inn som ein del av kommunen sitt tverrfaglege habiliterings- og rehabiliteringstilbod, både i sjukeheim og i private heimar.

Ergoterapi er ein del av kommunehelsetenesta og spesialisthelsetenesta. Sjå òg pasient- og brukarrettslova § 1-3 og  kapittel 7.

Kven kan få tenesta?

Alle som på grunn av nedsett funksjonsevne har utfordringar med aktivitetar i kvardagslivet.

Korleis kan du søkje på tenesta?

Ergoterapiavdelinga ligg i sokkeletasjen til Vik Bygde og Sjukeheim med inngang frå parkeringsplassen.

Ta kontakt med tenesta på telefon 57 69 87 15 for mer informasjon og tilgang til tenesta.

Søknadsfrist

Det er ikkje søknadsfrist.

Kva kostar det?

Tenesta er gratis

Vilkår for å få tenesta

Kommunen vil gjere ei fagleg vurdering av behovet ditt for ergoterapi.

Korleis kan du klage på tenesta?

Dersom du meiner du ikkje får nødvendig hjelp eller er misnøgd med utføringa av tenesta, kan du sende ein klage til kommunen eller direkte til tenesteytaren. Forklar kva du er misnøgd med og kva for endringar du ønskjer. 

Kontaktinformasjon

Rehabilitering
Informasjon Kontaktopplysningar
Telefon 57 69 87 15
Gateadresse Flatbygdi 19, 6893 Vik i Sogn
Postadresse Postboks 134, 6891 Vik i Sogn
Opningstid Måndag - fredag: 08:00 - 15:30
E-post postmottak@vik.kommune.no

Aktuelle lenker og dokument