Fysioterapi

Fysioterapi kan bli gjeve både for å forebyggje og for å behandle sjukdom eller skade. Du kan få behandling aleine eller i gruppe

Meir om tenesta

I Vik kommune er all fysioterapiteneste kommunal, og omfattar 4 årsverk.. Tenesta er ein del av kommunen sitt tverrfaglege habiliterings- og rehabiliteringstilbod, og blir òg tilbode i sjukeheim

Kven kan få tenesta?

Menneske med sjukdom, skade eller belastingslidingar som har eller står i fare for å få redusert funksjonsevne. 

Du kan få tenesta anten du bur heime eller på institusjon. Bur du heime og ikkje er i stand til å oppsøkje eit fysikalsk institutt, kan du få tilbod om at behandlinga skal skje i heimen.

Korleis kan du søkje på tenesta?

Fysioterapiavdelinga ligg i sokkeletasjen til Vik Bygde og Sjukeheim med inngang frå parkeringsplassen.

Ta kontakt med tenesta på telefon 57 69 87 15 for mer informasjon og tilgang til tenesta.

Søknadsfrist

Det er ikkje søknadsfrist, men dei fleste treng rekvisisjon frå legen sin.

Kva kostar det?

Trygda yter delvis stønad til dekking av utgifter til undersøking og behandling hos fysioterapeut. Pasienten betaler eigendel fram til frikortgrense som er på kr. 1990,- Behandling og transport til behandling er gratis for born under 16 år, og personar med godkjend yrkesskade.

Du kan finna oppdatert informasjon om eigendel på helsenorge.

Vilkår for å få tenesta

  • Vaksne heimebuande treng rekvisisjon frå lege eller sjukehus. 
  • Bebuarar på institusjon treng tilvising frå gruppeleiar
  • Barn og unge treng rekvisisjon frå lege eller tlvising frå helsestasjon  eller skulehelsetenesta.

Korleis kan du klage på tenesta?

Dersom du meiner du ikkje får nødvendig hjelp eller er misnøgd med utføringa av tenesta, kan du sende ein klage til kommunen eller direkte til tenesteytaren. Forklar kva du er misnøgd med og kva for endringar du ønskjer. 

Kontaktinformasjon

 

Rehabilitering
Informasjon Kontaktopplysningar
Telefon 57 69 87 15
Gateadresse Flatbygdi 19, 6893 Vik i Sogn
Postadresse Postboks 134, 6891 Vik i Sogn
Opningstid Måndag - fredag: 08:00 - 15:30
E-post postmottak@vik.kommune.no

Aktuelle lenker og dokument