Frivilligsentral

Frivilligsentralen er ein lokal møteplass for enkeltmenneske, lag/foreiningar og det offentlege. 

Meir om tenesta

Ein frivilligsentral skal vera: 

  • Ein aktiv møteplass for dei som ynskjer å utføra frivillig innsats eller å motta slik innsats. Dagleg leiar i frivilligsentralen skal knyta kontakt mellom menneske.
  • Frivilligsentralen har fokus på å motivera til ny frivilligheit basert på lokale behov og ynskje.
  • Frivilligsentralen skal også vera ein aktiv samarbeidspartnar for både kommunen, lag og organisasjonar og næringslivet.

Sentralen skal ikkje vera ein trussel mot allereie etablerte aktivitetar og tilbod i nærmiljøet, men skal ha fokus på å tetta igjen dei udekka behova som er der og som kjem opp som ynskje frå bygdefolket.

Vik kommune har mange lag og organisasjonar som allereie i dag gjer ein uvurderlig innsats for det frivillige arbeidet. Kommunen har eit ynskje om at etablering av ein frivilligsentral, skal bidra til å samordna og auka aktiviteten i det frivillige arbeidet i kommunen. Samtidig skal frivilligsentralen vera ein plass der alle innbyggarar i kommunen, uavhengig av yteevne skal kunne delta og bidra i fellesskapet. Sentralen skal vera med å bidra til å gi møteplassar og aktivitet som skal vera førebyggande mot sosial isolasjon.

Kven kan få tenesta

Frivilligsentralen skal vera aktivitetskapande og gjennom sitt arbeid skal den treffa alle grupper i nærområdet. Både barn, ungdom og eldre skal finna eit tilbod gjennom Frivilligsentralen sine aktivitetar.

Kontaktinformasjon

Kontaktinformasjon finn du på denne lenka

Aktuelle lenker og dokument

Frivilligheitsregistert