Kulturbygg / kulturmidlar og kulturstipend

Lag og foreninger kan søkje Vik kommune om tilskot til kulturbygg, kulturmidler og kulturstipend. Det kan søkjast om tilskot til drift, investeringar og arrangement.

Kulturbygg:

  • Formannskapet handsamar søknader om midlar frå fondet etter kunngjering med søknadsfrist to gonger i året.
  • Kulturbygg som skal byggja opp tilbod og ein møteplass for ungdom, eldre og utbetring til universell utforming vert prioritert.
  • Lag og organisasjonar som organiserer aktivitetar i Vik kommune kan søkja på ordninga. Søkjar må vere registrert i «Enhetsregisteret og Frivillighetsregisteret», og søknaden skal opplyse om organisasjonsnummer.
  • Lokalt kulturbygg kan vere aktivitetshus, ungdomshus, samfunnshus, grendehus, fleirbrukshus, spesiallokale og tidlegare offentlege bygg med ny funksjon som nemnd over. Kulturbygga skal vere dokumentert eigd av søkjande organisasjon, eller disposisjonsrett gjennom leigeavtale på minimum 20 år.
  • Lokalt kulturbygg som nemnd over skal ha ein funksjonalitet som gjev rom for ulik kulturell aktivitet. Lokala skal vera opne for alle uavhengig av religiøse, sosiale eller politiske syn.
  • Dersom kulturbygget vert samlokalisert med anna verksemd skal det gjerast ei kostnadsdeling for areal som er felles, og som det vert søkt om tilskot til. Kostnadsdelinga skal godkjennast av kommunen. 
  • Det er ikkje høve til å søkje om tilskot til drift. Tilskotsordninga gjeld ikkje offentleg eigde bygg, med unntak for innvendige tiltak i bygg leigde av lag som har leigekontraktar på minimum 20 år.
  • Det kan søkjast om tilskot til:
  1. Utbetring og vedlikehald av eksisterande bygg med tilhøyrande anlegg
  2.  Større reparasjonstiltak, som til dømes fornying og utskifting av VVS- og/eller EL- anlegg
  3. «Veggfast utstyr» som er naudsynt for at bygget skal fungere i tråd med føremålet til bygget
  4. Nye tilbygg og anlegg dersom det vil gje ei betre løysing enn utbetring av eksisterande, eller der dette er naudsynt for å tilfredsstille krav i lov og forskrift, samt for å tilfredsstille forsikringsmessige krav til bygget (universell utforming)
  5. Enøk-tiltak.
  • Søknaden skal ha med desse vedlegga:
  1. Skriftleg framstilling av prosjektet med teikningar
  2. Spesifisert kostnadsoversikt
  3. Finansieringsplan
  4. Dokumentasjon som syner økonomiske bidrag i form av gåver eller tilsegn om dette
  5. Stadfesting på dugnadsinnsatsen i prosjektet
  6. Tiltak som er søknadspliktige skal ha dokumentert byggjeløyve etter plan og bygningslova
  • Maksimalt tilskot til kvart kulturbygg er sett til 1/3 av godkjende kostnader. Minste tilskotssum er 10 000 kr. Verdien av dugnadsarbeid skal reknast ut etter satsen på 415 kr. per time. Oppsett dugnadsverdi skal godkjennast av Vik kommune. Vik kommune  kan og  leggja til grunn verdi av frivillig arbeid ut frå eiga vurdering. For søkjar som har krav på refusjon av meirverdiavgift skal tilskotsdelen reknast ut frå prosjektkostnadane etter at meirverdiavgifta er trekt frå.
  • Utbetaling av tilskot skjer i samsvar med framdrift. Søkjar kan be om delutbetaling når arbeidet er sett i gang, avgrensa til 30%. Når det kan dokumenterast at 50% av totalkostnader er påløpt kan dei neste 50% utbetalast . Dei siste 20% skal haldast att til sluttutbetalinga. Oppmoding om delutbetaling og sluttutbetaling blir sendt til kommunen. Sluttutbetaling skjer etter at ferdigattest og revidert rekneskap er sendt inn til kommunen. Oppmodinga om utbetaling skal vere skrifteleg (brev eller e-post frå søkjar). Ved avvik mellom beløpa i søknaden og faktiske kostnadar vil det vera dei faktiske kostnadane som avgjer kor mykje som blir utbetalt, avgrensa til beløpet i vedtaket. Tilsegn om tilskot gjeld i inntil tre år frå melding om vedtak er sendt til søkjaren. Tilsegna fell bort og midlane vert inndregne om tiltaket ikkje er sett i gang, eller søkjaren ikkje har bede om utbetaling av tilskotet i samsvar med framdriftsplan, innan tre år etter at svar er sendt ut.
  • Dersom bygningen vert avhenda, leigetilhøva opphøyrer eller bygningen vert bruksendra til anna føremål innan 20 år etter motteke sluttutbetaling  frå Vik kommune, kan kommunen krevja at laget/organisasjonen betalar attende tilskotet, avkorta høvevis frå tilsagnsdato.

Søknad om tilskot til lokale kulturbygg

Kulturmidlar:

  • Vik kommune kan gje tilskot til kulturtiltak innanfor kommunen.
  • I den grad ein har avgrensa midlar til rådvelde, skal tilskotet gå til grupper, lag og organisasjonar som har born, unge og funksjonshemma som målgruppe.
  • Alle kulturtiltak kan få stønad, men midlane kan ikkje nyttast til investeringar i bygg og anlegg. Ein kan heller ikkje tildela kulturmidlar som skal dekka driftsutgifter for institusjonar med fast offentleg stønad
  • Ved fordeling av kulturmidlane vil Vik kommune leggja til grunn kulturpolitiske prioriteringar, j.m.fr kommuneplanen.
  • Vik kommune vil gjennom kulturtiltak leggja spesielt tilrette for kulturtiltak til funksjonshemma.
  • Fordeling av kulturmidlar skal stimulera arbeidet i friviljuge lag og organisasjonar og oppmuntra til positive tiltak innan gruppe og lagsarbeid.
  • Større stønad til einskildtiltak gjeve etter lokale kulturpolitiske prioriteringar, inneber at einskilde søknader kan avvisast.
  • Kommunen kan krevja at det vert lagt fram budsjett og rekneskap for tiltak det vert søkt til.

Søknad om kulturmidlar

Kulturstipend:

  • Stipendet skal øyremerkast einskildpersonar, born/ungdom frå Vik kommune i alderen 15 – 30 år som har eit spesielt talent, syner god kvalitativ utvikling og legg ned stor innsats for å utvikla sin dugleik i ein sektor av eit vidt kulturomgrep.
  • Same person kan få stipend i fleire år.
  • Politikarane i Vik kommune vurderer om heile stipendet skal fordelast kvart år, om det skal delast på fleire eller kor stor sum søkjar/ane skal få. Dersom det ikkje er kvalifiserte søkjarar til stipendet, kan utvalet la vera å dela ut. Utvalet kan og sjølve fremja kandidatar til kulturstipendet.

Søknad om kulturstipend

Kontaktinformasjon

Kontaktinformasjon finn du på denne lenka