Klimaarbeid i Vik kommune

Dei menneskeskapte klimaendringane er ei av dei største utfordringane globalt og verkar inn på alle delar av samfunnet. 

Det er både naudsynt og forventa at Vik kommune bidreg til å nå både dei nasjonale klimamål Norge har plikta seg til i internasjonale avtaler og klimamåla som Vestland fylke har sett seg. Det er også forventa at kommunen set seg eigne klimamål.

Konsekvensane til klimaendringane vil også råke innbyggarane i Vik kommune, t.d. i form av havnivåstigning og ekstremvêr, samt hyppigare hendingar som flaum, tørke, snøskred, steinsprang, jordras, storm og sterke vinkast. Det er difor viktigt at også vi i Vik kommune reduserer direkte utslepp av klimagassar og endrar vanane våre som fører til indirekte klimagassutslepp både her hjå oss andre plassar i Norge og verda. Målet er å unngå dei mest dramatiske konsekvensane av klimaendringane. På same tid må vi tilpasse oss endringane som alt er eit faktum eller dei vi veit sikkert vil komme.

For å nå desse måla må Vik bli ein berekraftig kommune. Vi må gjennomføre det grøne skiftet. I dette ligg det også eit stort potensial for verdiskaping, næringsutvikling og betre folkehelse.

Klimaplan for Vik kommune 2023-2030

Vik kommune har starta arbeidet med revisjon av kommunedelplan for energi og klima. Alle er inviterte til å bidra i den vidare planprosessen. Planen vil etter kvart få sin eigen side her på nettstaden.

Den gamle planen frå 2011 finn du her (PDF, 4 MB)

For kommunedelplanar er det krav om planprogram, «ein plan for planen». Eit planprogramutkast er sendt på høyring og lagd ut til offentleg ettersyn med frist 29.4.2022.
Du finn planprogramutkastet her

Kor mykje klimagassar slepp vi i Vik kommune ut i dag?

Det finst per i dag ingen nøyaktige målingar for dette, men utrekningar kan gje ein peikepinn. Dei vil etter kvart bli meir og meir nøyaktige, og er det beste vi per i dag har.

Utsleppsstatistikken til Miljødirektoratet viser berekna direkte klimagassutslepp i Vik kommune, delt på ulike sektorar. Direkte utslepp er dei som fysisk finn stad innanfor kommunen sine grenser, t.d. frå biler, ferjer og jordbruksdrift. Dei nyaste utsleppstal er frå 2020. På Miljødirektoratet sin statistikkside finn ein meir informasjon om korleis utsleppstala er berekna. Sektorane som står for mest utslepp i Vik kommune er jordbruk, sjøfart og vegtrafikk.

Indirekte klimagassutslepp er knytt til varer og tenester som blir importert til kommunen som geografisk område. Det kan t. d. vere mat eller andre varer, og ulike tenester. Statistikken i «Folkets fotavtrykk» reknar ut klimagassutsleppet til innbyggarane i kommunen knytt til forbruk. Det finst også ei utrekning per grunnkrets og per «nabolag». Ein kan zoome seg inn i kartet der ein bur. Utrekningane blir forbetra fortløpande.

Dei ulike klimagassar verkar med ulik styrke. Metan (CH4) har t.d. ein 25 gongar så stor oppvarmingseffekt som karbondioksid (CO2). Det er difor vanleg å måle klimagassutslepp i såkalla CO2-ekvivalentar (CO2e), der oppvarmingspotensialet til dei ulike klimagassar er rekna om til karbondioksid sin effekt i atmosfæren.

I fylgje rapporten «World Economic Forum IPSOS D. Ivanova et al. Environmental Research Letter 2020» er 2/3-delar av det globale klimagassutsleppet eit resultat av forbruket vårt. Dette tyder at vi som forbrukarar kan gjere ein stor forskjell gjennom våre personlege val og strukturelle endringar. 
Rapporten konkluderer med at «fotavtrykket» til den enkelete innbyggarar må ned til 3 tonn CO2e per år. I fylgje «Folkets fotavtrykk» er CO2-fotavtrykket til innbyggarane i Vik i dag på 11,1 tonn CO2e.

Kva er eit klimabudsjett?

Eit klimabudsjett er som eit vanlig økonomibudsjett, men det blir rekna i CO2-ekvivalentar (CO2e) i staden for kroner. Klimabudsjettet er ein del av kommunen sitt vanlege budsjett. Det inneheld også tiltak for å redusere klimagassutsleppa i kommunen og kan såleis fungere som handlingsplan for klimaplanen. Tiltak vil også ha ein kostnad i kroner.
Sjå også Oslo kommune sin video, klimabudsjett for dummies

Kommunestyret i Vik vedtok i 2021 at det skal lagast eit fyrste, forenkla klimabudsjett for 2022. Klimabudsjettet er i fyrste omgang avgrensa til Vik kommune som verksemd og til direkte klimagassutslepp. Det er peika ut tiltak som skal gjennomførast i 2022 for å redusere utsleppa. Dei skal ned med 24 % samanlikna med utsleppa i 2019.

Du finn klimabudsjettet i kapittel 4 i gjeldande økonomiplan 2022-2025 (PDF, 4 MB) 

Klimaarbeid i kommunen

Kommunesektoren kan bidra til store utsleppskutt, fyrst og fremst gjennom rolla som planstyresmakt, lokal koordinator og samfunnsutviklar. Kommunen har også ansvar for å tilpasse lokalmiljøet til eit klima i endring. Klimaplanen vil vere eit viktig reiskap i dette arbeidet framover.

I 2020 starta kommunen sitt fyrste klimaprosjekt «Sats-på-sykkel!»