Medverknad

På grunn av den store påverknaden som klimaendringane har på kommunen si framtid og for livet til innbyggarane, er medverknad ein nøkkelfaktor i arbeidet med klimaplanen. Det er difor eit mål å inkludere heile lokalsamfunnet gjennom medverknadsprosessen, spesielt barn og unge. I Vik kommune står jordbruket for store delar av dei direkte klimagassutslepp, og høyrer også til sektorane som blir mest påverka av klimaendringane.

Det er difor ekstra viktig å få landbruksnæringa med i prosessen. For å nå flest mogleg innbyggarar er det viktig å samarbeide med lag- og organisasjonar, inkludert ungdomsrådet og eldrerådet. Det er også aktuelt å samarbeide direkte med skulane og barnehagane. Gjennom høyringane vil også andre offentlege instansar, regionale interesseorganisasjonar og privatpersonar kunne gje innspel til planprosessen. I medverknadsprosessen skal det leggjast vekt på dialog og kunnskapsutveksling. 

Aktuelle tiltak for å sikre god medverknad:

  • «Klimakroken» på Vik bibliotek - vi jobbar med eit informasjonspunkt om klima som skal komme på plass på «bibliotekhemsen» i løpet av april/mai. 
  • Frukostmøte i samarbeid med Sogn næring og Vik næringssamskipnad
  • Klesbytekveld for ungdom
  • Prosjekt Open sykkelverkstad i samarbeid med stiftinga KRISTIAN OTTERSKREDS MOTORSAMLING
  • Samarbeid med skulane
  • Fagkveld: Klimakalkulator for landbruksnæringa


Gjennomførte tiltak:

  • Fagkveld: Nyttige klimatiltak i landbruket 4. april 2022

Arrangementet i Kyrkjestova var godt besøkt - Program (PDF, 457 kB)

Faglege innlegg:

Lenkje til videoen om bruk av solenergi på Tistel gard finn du her