Bruksendring

Kanskje vil du bruka eit bygg eller del av eit bygg til noko anna enn det bygget er godkjent som? Vil du gjere loft eller kjellar om til soverom eller stove? Omgjering frå kontor om til bustad? I desse tilfella må du søkje om bruksendring

Kva er bruksendring?

Bruksendring er når bruk, formål eller funksjon vert endra med tanke på den bruken som det alt er gitt løyve til. Eit konkret døme er om du skal ta i bruk ein bod eller vaskerom og endre til soverom, stove eller liknande. Om ein her finn ut at det lyt endrast i berande konstruksjonar t.d å senka golv i kjellar, lyt dette søkjast om.

Førehandsbestilling-din kontakt inn til kommunen

Dersom du treng kontakt med saksbehandlar i kommunen før du startar ein eventuell søknadsprosess, kan du enkelt bestille ein førehandskonferanse. Kryss av i skjemaet kva for tiltak du har planar om, og send inn elektronisk. Saksbehandlar vil då ta kontakt med deg. Dette vert det ikkje kravd inn gebyr for.

Skjema for førehandsbestilling

Eksempel på bruksendring med hjelp frå fagfolk

  • Endring frå fritidsbustad/hytte til bustad
  • Endring frå bustad til forretning

Hovuddel/tilleggsdel

  • Hovuddel er dei delane av bustaden du brukar til å bu og opphalde deg i, samt gang/trapp mellom hovuddelar.
  • Tilleggsdel er andre delar av bustaden som ikkje er eigna som opphaldsrom, som t.d bod og oppbevaringsrom.

Både varig og tidsbestemt bruksendring er søknadspliktig. Ny bruk av eit rom kan medføre nye krav til byggverket eller bruken av det, mellom anna med hensyn til brannsikring.


Søk om bruksendring 

Her finn du rettleiar om bruksendring 

Heimel: Byggesaksforskrifta (SAK10) med rettleiing

Kontaktinformasjon

Kontaktinformasjon finn du på denne lenkja