Samanslåing av eigedomar

Eigedomar med like eigarar og like heftelsar kan såast saman.

 

Krav om samanslåing

  • Eigedomane må liggje i same kommune
  • Eigedomane må ha dei same heimelshavarane (eigarane)
  • Samanslåing kan ikkje gjennomførast dersom eigedomane har ulike tinglyste pengeheftelsar. I desse tilfella må heftelsar ryddast opp i.


Slik søkjer du:

Du søkjer om samanslåing av eigedomar ved å fylle ut søknadskjemaet krav om samanslåing av tinglyste matrikkeleiningar nedunder:

Skjema for krav om samanslåing av tinglyste matrikkeleiningar

Les meir om samanslåing og prioritet hjå Statens kartverk


Kor skal søknaden sendast?

Søknad med vedlegg kan du senda til kommunen på e-post eller med post.

Sjå adresse og e-post under kontaktinformasjon nederst på sida her.

Kva kostar det?

Samanslåing av eigedomar er gratis både hjå kommunen og hjå tinglysinga. 
 

Vidare

Etter at samanslåingen er tinglyst, vert det laga eit matrikkelbrev for den samanføyde eigedommen.

Kontaktinformasjon
Kontaktinformasjon finn du på denne lenkja