Situasjonskart

Når noko skal byggast på ein eigedom skal det først utarbeidast ein situasjonsplan. Ein slik plan vert laga når tiltaket du skal utføra vert innteikna i eit situasjonskart.

Kva er ein situasjonsplan?

Ein situasjonsplan skal leverast inn saman med byggesøknaden, og vil vise det planlagde tiltaket (bygget) med avstandar til andre bygningar og nabogrense. Situasjonsplanen skal teiknast inn på eit situasjonskart frå kommunen.

Kva er eit situasjonskart?

Situasjonskartet er eit kartutsnitt, der offentlege råmer for plan- og byggesaksbehandlingen er innteikna.
Fylgjande opplysningar vil vise i situasjonskartet enten som tekst eller teikning:

  • gards- og bruksnummeret på eigedomen og berørde naboar for tiltaket
  • eigedomsgrenser
  • tilkomst til eigedomen
  • høgdekurve
  • målestokk
  • rutenett med koordinatar
  • plangrunnlag

Situasjonskartet skal ikkje vera meir enn eit år gamalt.

Slik tingar du eit situasjonskart:

Skjema for kartbestilling

Du kan og skrive ut situasjonskart sjølv ved å gå inn på Sognekart lenkja her. Hugs då å skrive ut med rutenett. Vanleg målestokk er 1:500.