Skulefritidsordning (SFO)

Du kan søkje om plass for barnet ditt i skulefritidsordning (SFO). Det er eit tilbod før og etter skuletid til barn i 1. til 4. klasse og til barn med spesielle behov i 1. til 7. klasse.

Meir om tenesta

SFO er inne og uteleik, kulturaktivitetar og sosial læring i eit fellesskap.

Kven kan få tenesta?

Elevar i grunnskulen som er busette i Vik kommune.

Korleis kan du søkje på tenesta?

Logg deg inn på www.skole.visma.com/vik 

Skulefritidsordninga vert utlyst med søknadsfrist 1.mai kvart år,
​men det er opptak gjennom heile skuleåret.

Kva kostar det?

Oversikt over prisar finn du i gebyrlista henta frå "Budsjett 2024 og økonomiplan 2024-2027 her.

For deg med låg inntekt / særskilde behov

Det er ei ordning for hushald med låg inntekt. Familar dette gjeld, kan få reduksjon i pris. Kommunen hentar inn nødvendig dokumentasjon på personane i hushaldet og om inntekta til hushaldet. Deretter fattast eit vedtak.

Forskrift til Opplæringslova §1B – 1: Ingen familiar skal betala meir enn seks prosent av inntekta si for ein sfo – plass. Ordninga gjeld for 1. til 4. klasse.
Forskrift til Opplæringslova §1B-3: gratis sfo for elevar i 5. – 7. klasse med særskilde behov

 

For søknad om reduksjon i foreldrebetalinga, sjå forskrift til opplæringslova §1B-1.

For innformasjon om gratis skulefritidsordning for born med særskilde behov, sjå forskrift til Opplæringslova §1B-3.

 

Søk om redusert foreldrebetaling - SFO

 

Sakshandsaming

Kommunen skal handsame saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om grunnen til det. Du skal samstundes få opplyst når ein ventar at vedtaket blir gjort.

 

Korleis kan du klage på vedtaket?

Får du avslag på søknaden om plass på skulefritidsordninga, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot avslaget. Forklar kva du er misnøgd med, og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lèt vedtaket stå, blir saka send vidare til klagenemnda i kommunen, som avgjer om klagen skal takast til fylgje. 

 

Kontaktinformasjon

Administrasjonen
Informasjon Kontaktopplysningar
Telefon 57 69 82 00
Gateadresse Fjordavegen 1, 6893 Vik i Sogn
Postadresse Postboks 134, 6891 Vik i Sogn
Opningstider Måndag - fredag: 10:00 - 14:00. Stengt i fellesferien og romjula.
Organisasjonsnummer 937498764
EHF faktura 0192:937498764
E-post postmottak@vik.kommune.no
eDialog Sikker elektronisk post til kommunen

 

Kontaktopplysningar til skulane i Vik kommune finn du på denne lenka.

 

Aktuelle lenker og dokument

Regelverk for skulefritidsordningar - Udir.no

Vedtekter for SFO i Vik kommune (DOCX, 75 kB)

For søknad om reduksjon i foreldrebetalinga, sjå forskrift til opplæringslova §1B-1.

For innformasjon om gratis skulefritidsordning for born med særskilde behov, sjå forskrift til Opplæringslova §1B-3.