12 timar gratis SFO for elevar på 1. trinn

Regjeringa har endra forskrifta til opplæringslova, slik at elevar på 1. trinn får 12 timar gratis SFO for skuleåret 2022/2023.

Med bakgrunn i dette vert det følgjande prisar for SFO gjeldande for 1. trinn:

6 t – 12 t opphaldstid: gratis for 1.trinn
12 t – 19,5 t opphaldstid: 885,- per månad for 1.trinn
Frå 20 timar og oppover: 1258,- per månad for 1.trinn

Matpengar og betaling for einskilde timar er likt som før, og kjem i tillegg.

Søskenmoderasjon og evntuelt andre moderasjonsordningar gjeld framleis.

Til toppen