Status koronaviruset

Her kan du lesa siste nytt om koronasituasjonen i Vik kommune:

Smitte Testing Tiltak Vaksine Anna Other languages

Auka beredskap grunna mykje nedbør

NVE har sendt ut tre ulike varsel gjeldande frå onsdag 12. januar, og Vik kommune har auka beredskapen for å redusera risikoen for skade.

NVE har sendt ut varsel om snøskredfare på raudt nivå gjeldande frå 12.1.22 kl. 00.00 samt varsel om flom og jordskredfare på oransje nivå gjeldande frå 12.1.22 kl. 07.00. Du kan lesa varsla på NVE sin nettstad:

Grunna auka fare for jordskred, legg kommunen opp til heimeskule for elevane i Arnafjord og Fresvik frå og med onsdag 12. januar til og med fredag 14. januar. Elevane dette gjeld og deira føresette vert varsla direkte. 

Vik kommune har gjennomført førebyggjande tiltak for å redusera risikoen for skade på kommunal infrastruktur. For varsling av eventuelle hendingar mot kommunal infrastruktur, kan du ta kontakt med teknisk vakt på telefon 41 59 44 43

Kommunen har særskilt fokus på uregulerte vassdrag og småelvar. Grunna mykje tele i bakken er det auka risiko for at vatnet tek andre vegar enn normalt. Me oppmodar grunneigarar om å gå over eigedomane sine og passa på at stikkrenner er fri for snø, is, lauv og liknande.

Til toppen