Auka tilskot til drenering/grøfting av jordbruksjord

Etter årets jordbruksforhandlingar aukar satsane for statstilskot til drenering.

Nye satsar er 2 500 kroner per dekar eller 38 kroner per løpemeter grøft avgrensa til maksimalt 2 500 kroner per dekar tidlegare grøfta areal.

Endringane gjeld søknader sendt inn etter 1. juli 2022 og du må søkja elektronisk. Meir informasjon og søknadsskjema finn du på på Landbruksdirektoratet sine nettsider.

Me minner også om at Vik kommune i tillegg yter kommunalt næringstilskot på kr 5000,- pr. 100 m grøft, jf. retningslinene for kommunalt næringstilskot, kap 5 (PDF, 771 kB).

Til toppen