Beitedyra er komne ut - hald hunden i band!

Beitedyra er sleppte ut og me oppmodar alle som ferdast ute  i beiteområda om å visa omsyn.

I Vik kommune skal hundar haldast i band der husdyr beitar i perioden frå  1. april til 1. november, jf. kommunen si eiga forskrift.  

Kjenner du kuvettreglane?

  • Hald avstand til dyra og gå utanom flokken. 
  • Ikkje gå mellom dyra. Kyr kan bli pågående og skapa uønska situasjonar.
  • Ikkje gå bort til kalven. Kua kan gå til angrep for å beskytta den. 
  • Hundar bør ikkje takast med til beitande dyr. 
  • Kyr er nysgjerrige. Blir kuflokken pågåande, legg ned det du har i hendene og trekk deg unna. Du kan henta utstyret ditt når dyra har trekt seg vekk. 
  • Dersom du opnar ei grind, lat den også att! Opne grinder gjer at dyra kjem inn på område dei ikkje skal vera, noko som kan vera farleg både for dei og andre.

God tur!